Jacobsen var storfavoritt, og gjekk hardt ut. Allereie ved 1,8 km leia ho med over ni sekund. Ved 6 km var leiinga auka til over 40 sekund, og i mål var avstanden over minuttet.
– Ho moser resten av feltet, sa kommentator Jann Post. Han karakteriserte løpet som verdsklasse.
Jacobsen var godt fornøgd med løpet.
– No er eg nær mitt livs form. Det var artig. Eg er stolt over å klare eit slikt løp i Hemings jubileumsår, sa ho til NRK.
– Det var skikkeleg hardt. Det var tungt i starten, og eg brukte tid på å kome i gang. Løypa var langt tøffare enn det såg ut til, seier Jacobsen.
Ho tok sitt 12. NM-gull, og sitt sjette individuelle.
– Dette var eit godt løp. Astrid gjer alt rett og viser at ho er i form.
– Det er moro å sjå at ho verkeleg viser at NM er viktig. Det gjer godt å sjå, seier NRKs ekspert Fredrik Aukland.
Jamn sølvkamp
Video: Mathe Bjørnsgaard var med i toppen, men medaljen glapp
Kampen om sølv og bronse vart derimot svært jamn. Fire km før mål låg fem løparar innan fem sekund. Mari Eide frå Øystre Slidretok sølvet til slutt etter ei sterk avslutning, seier han.
Thea Krokan Murud tok bronsen to tideler framfor Kathrine Harsem.
– Eg er mest overraska over Murud. Ho disponerte løpet veldig godt. Også jentene like bak viser at jentene på rekrutteringslaget er gode. Men også Eide leverte eit perfekt disponert løp, seier Aukland.
Fleire av dei kan få sjansen på nasjonal kvote i Holmenkollen.
Resultat 10 km klassisk, kvinner:
1) Astrid Uhrenholdt Jacobsen 28.24,5, 2) Mari Eide 0.55,7 min. bak, 3) Thea Krokan Murud 1.06,2, 4) Kathrine Rolsted Harsem 1.06,4, 5) Marthe Bjørnsgård 1.07,0, 6) Barbro Kvåle 1.22,5, 7) Kari Vikhagen Gjeitnes 1.25,1, 8) Anne Kjersti Kalvå 1.29,0, 9) Anna Svendsen 1.49,5, 10) Lovise Heimdal 1.50,0.