Pangstart for Molde i Europa - Ohi nok ein gang matchvinnar

Molde har fått ein strålande start på Europaligaen etter sin andre siger på rad i turneringa. Men laget sløste lenge med sjansane mot Rapid Wien.

Europa League fotball 2020, Molde - Rapid Wien.

MATCHVINNAR: Ohi Omoijuanfo scora kampens einaste mål mot Rapid Wien og blir gratulert av lagkamerat Stian Gregersen.

Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB

Laster innhold, vennligst vent..

– Det er sjølvsagt deilig. Det er jobben min som spiss å score mål. Det er deilig at den satt til slutt. Eg hadde ein stor sjanse før det som eg ikkje sette, så då var det deilig at denne gjekk inn, seier Ohi Omoijuanfo til NRK.

For etter å ha bomma på fleire store sjansar i kampen lukkast endeleg blåtrøyene 65 minutt ut i oppgjeret. Og igjen var det Ohi Omoijuanfo som avgjorde for klubben i Europa.

Fredrik Haugen blei spelt fri på venstrekanten. Innlegget var presist til Ohi som sette ballen enkelt i mål ved bakre stolpe.

Klart best

Det blei kampen einaste mål. Dermed står Molde med seks poeng og full pott etter to kampar. I førre runde blei irske Dundalk slått 2-1 på bortebane.

Men det såg lenge ut som det skulle bli ein frustrande kveld for moldensarane. Laget sløste store sjansar både før og etter pause.

Molde var det klart beste laget, og både Ola Brynhildsen og Ohi Omoijuanfo burde gjeve blåtrøyene leiinga i første omgang.

Laget på sølvplassen i eliteserien gjekk ut eit høgt tempo og pressa austerrikarane bakover ifrå start. Spesielt høgrebacken Henry Wingo var aktiv og god nedover på høgresida med fleire gode løp og innlegg.

Men Rapid Wien var også farleg frampå då Ritzmaier banka ballen i stolpen like før pause.

Erling Moe

JUBEL: Molde og trenar Erling Moe har fått ein pangstart på Europaligaen, og i neste veke ventar Arsenal i London.

Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB

– Stolt

Etter pause heldt Molde fram med dominansen. Kaptein Magnus Wolff Eikrem styrte oppgjeret med lekre detaljar og pasningar.

Ti minutt ut i omgangen spelte han Ohi lekkert igjennom, men spissen sette ballen rett på keeper. Nokre minutt seinare spelte Eikrem igjennom Fredrik Aursnes ved bakre stolpe, men frå to meter sette Aursnes ballen over tverrliggaren.

Men så kom den fortente og forløysande scoringa som førte til at Ohi Omoijuanfo blei matchvinnar for andre kamp på rad.

Etter målet var Molde aldri truga. Det var klasseskilnad på laga, og Molde burde scora fleire mål på slutten. No toppar klubben gruppa saman med Arsenal som også står med full pott etter to kampar. Dermed ventar eit mektig oppgjer i London om ei veke.

– Vi kunne ikkje fått ein betre start, og det er dette vi har kjempa for. No har vi seks poeng, og vi nøgde med det. No skal vi til Emirates og vere oss sjølve, seier Ohi.

– Eg er ein stolt mann. I dag tykkjer eg dei slepp ned skuldrene og byr på seg sjølv. Alle ønskjer å bidra. Alle ønskjer å gjere jobben for kvarandre. Dette var 90 meget solide minutt med god fotball, seier Molde-trenar Erling Moe.

Skår i gleda for Molde var at Eirik Hestad blei frakta ut på båre med det som såg ut til å vere en kneskade i andre omgang.

Europa League fotball 2020, Molde - Rapid Wien.

SKADE: Eirik Hestad blei frakta ut på båre i andre omgang.

Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB

Siste nytt

  • Sandefjord straffes i rasismesak

    Sandefjord bøtelegges og må spille neste hjemmekamp uten tilskuere. Det skjer vel sju uker etter at Vålerengas Ousmane Camara ble utsatt for rasistiske tilrop.

    Sandefjord opplyser på sine nettsider at eliteserieklubben godtar boten på 20.000 kroner og publikumsnekten i søndagens kamp mot Viking. Det er doms- og sanksjonsutvalget i Norges Fotballforbund som har gitt straffeutmålingen.(NTB).

    Camara
    Foto: Trond Reidar Teigen / NTB
  • Årets spiller i Toppserien

    Søndag skal en seriemester kåres i Toppserien 2020, når den siste runden går av stabelen. Disse er nominert til årets spiller:

    Julie Blakstad (Rosenborg), Ingibjörg Sigurdardóttir (Vålerenga) og Cesilie Andreassen (Rosenborg).

    Vinneren vil bli presentert i forbindelse med cupfinalen 13. desmeber.

    Toppserien fotball 2020: Rosenborg - Vålerenga (0-0).
    Foto: Ole Martin Wold / NTB
  • 48 positive koronatester i NBA

    48 spillere i den nordamerikanske basketballigaen NBA har testet positivt for koronaviruset. Det tilsvarer 8,8 prosent av de avlagte testene.

    Den kommende sesongen er planlagt å starte tirsdag 22. desember, mens de første treningskampene skal spilles fra 11. november.

    Spillere som har testet positivt må holde seg isolert i minst ti dager og deretter gjennomgå en hjerteundersøkelse før de får komme tilbake til treningene med laget.

    NBA opplyser at samtlige spillere vil testes daglig gjennom hele den kommende sesongen.

    Lebron James
    Foto: Mark J. Terrill / AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal