– Det er ein fordel for oss eldre gutane som skal kombinere toppidrettslivet med familie, seier Leif Kristian Nestvold-Haugen til NRK.
32-åringen har nettopp lagt bak seg nok ein treningsdag på Juvassbreen i Lom.
Medan delar av landslaget har reist på treningsleir og til økter på breen i Saas Fee i Sveits, har Nestvold-Haugen trent saman med lagkompisane Kjetil Jansrud og Adrian Smiseth Sejersted i tre veker i Jotunheimen.
Skikøyring er gjort unna i ei storslalåmløype på rundt eitt minutt, og i ein fartstrase på rundt 50 sekund i omlag 2000 meters høgde.
Vanlegvis reiser landslaget til New Zealand og Chile i sesongoppkøyringa. Men koronapandemien har tvunge norske alpinistar til å tenke nytt.
Bonus for Jansrud
For Nestvold-Haugen, som snart blir pappa for tredje gang, kan erfaringa føre til at meir av oppkøyringa blir lagt til Noreg i framtida. Det kan forlenge skikarrieren.
– Med fleire døgn i Noreg går familielivet betre opp. Denne sesongen har eg ikkje vore fem veker på treningsleir i utlandet og borte frå familien. Det er absolutt ingen ulempe, seier Nestvold-Haugen.
Bærums-karen, med blant anna VM-bronse i storslalåm frå 2017, seier han tar «eitt år av gangen». Men at det «frykteleg gøy å halde på», og at karrieren difor kan vare i mange år.
Kjetil Jansrud (35) blei far til ei dotter i juli. Førebuingane i Noreg er ein fordel for familielivet.
– Det er ein bonus at vi kan reise heim når vi får ein fridag eller to. Då kan eg bidra med det vesle eg kan på heimebane. Det er lettare også å akseptere for ho heime, samanlikna med å vere fem-seks veker i Chile som vi plar vere på denne tida. Det hadde vore krevjande for oss begge. Per i dag er dette ei optimal løysing, seier Jansrud, som i første omgang har antyda at held fram til OL i Beijing i 2022.
Kjetil Jansrud har dokumentert pappalivet på Instagram:
– Heldige
Nestvold-Haugen meiner treningsforholda ved skisenteret ved Galdhøpiggen er på høgde med det beste i utlandet.
– Når ein skal halde på i fleire år er det fint å bruke Noreg når det er fine forhold. Vi reiser jo til utlandet for å få litt meir variasjon på traséane, litt brattare bakkar og meir vintersnø.
– Men i år har vi vore heldige fordi det har vore kaldt i fjellet i Noreg i sommar. Og det har vore nok snø på breane. Då er det ikkje noko poeng å reise bort. Det gir også meining økonomisk, seier Nestvold Haugen.
– Betre enn i Europa
Verdscupopninga i alpint går som planlagt i Sølden i Austerrike med storslalåm for kvinner og menn 17. og 18. oktober. Skiforbundet i Austerrike har opplyst at rennet er framskut ei veke for å sørge for at alpinistane har breen for seg sjølv utan for mange turistar.
Kjetil Jansrud meiner konkurrentane ikkje har eit forsprang - sjølv om han har lagt sesongførebuingane til Oppland.
– Dersom vi samanliknar med kva dei får til i Europa, så er det på høgde, og kanskje betre treningstilhøve her, og vi har også vore heldige med vêret.
– Per i dag er vi på ein god stad. Så får vi sjå kva vi gjer når det nærmar seg rennstart, seier Kjetil Jansrud.