Ruud er leiar i hovudkomiteen for verdscupløpa på skøyter, og trur på merkbar publikumsauke etter at dei norske skøyteløparane kom heim frå Berlin med fem pallplassar.
- Vi har allereie gått breitt ut for å få publikum, men det er klart at det som skjedde i Berlin hjelper oss godt, seier Ruud.
Sesongens første 10.000 m
vann 1500 m og vart nummer tre på 5000 m. Dei norske lagtempo-laga tok andreplass (menn) og tredjeplass (kvinner). Men mest av alt imponerte med andreplass på 1500 m.
På Hamar skal mennene gå 1500 m og kvinnene 5000 m lørdag. I tillegg er det lagtempo for menn. Søndag skal kvinnene gå 1500 m og lagtempo, og mennene skal for første gong denne sesongen gå 10.000 meter.
Håpar på 5000 på tribunen
- Det er vanskeleg å spå om billettsalet på eit verdscup-stemne. Der veit folk at det vanligvis er billettar att til kjøp i luka på løpsdagane. Men kanskje bør folk vere litt tidlig ute etter at norsk skøytesport har vist seg fram så positivt som no, seier Ruud.
- Sist vi arrangere verdscup her, hadde vi 4-5000 på tribunene kvar dag. Vi håper å nå minst dette talet i år også, seier Ruud.