- Saka oppdaterast.
Kristoffersen låg på sjetteplass etter første omgang og køyrde seg opp to plassar, men han var sjanselaus mot dei tre som enda framfor han på pallen. Kristoffersen enda på fjerdeplass i Yuzawa Naeba og Hinterstoder i februar.
Alexis Pinturault tok sin fjerde strake storslalåm siger og vann nesten med halvsekundet ned til Philipp Schörghofer, som overraska stort med å ta andreplassen.
- Les også:
Verdscupleiar Marcel Hirsher låg på plassen bak Kristoffersen etter første omgang, men køyrde ein knallsterk andre omgang. Det var godt nok til at han kapra den siste pallplassen.
Leif Kristian Haugen gjorde som Kristoffersen, og køyrde seg opp to plassar. Det holdt tilslutt til ein sjuandeplass.
– Det er årsbeste av Haugen, ropte NRKs kommentator, Andreas Toft, då Haugen køyrde i mål.
Imorgon er det nye sjansar, då er det klart nok eit storslalåmrenn på same stad.