Framtida kjem til å by på mindre snø og kortare vintrar. For dei som lever av snøen, er dei avhengig av at ein finn ei løysing på utfordringane. Korleis kan ein gå desse utfordringane i møte?
– Det er eit stort spørsmål. Det er vanskeleg å ha eit godt svar på det, svarer Pål Golberg.
– Veldig enkelt svar på det, seier Hans Christer Holund.
Enkelt eller vanskeleg å svare på – uansett er dei samde. Det finst éi løysing på problemet dei kjem til å møte i åra framover.
Nemleg å endre på sesongen slik han er i dag.
– Eg hadde gjort det, hadde eg bestemt
Verdscupsesongen i år starta 25. november for langrennsløparane. Nasjonal opning på Beitostølen var allereie helga før. Siste renn for sesongen er i finske Lahti 24. til 26. mars.
Og her er løparane samstemde: Sesongen bør ikkje slutte så tidleg på våren.
– Det er ikkje mange skirenna eg har gått i april i mitt liv, men det er jo desidert den finaste skimånaden. Ein hadde jo hatt høve til å flytte sesongen, viss ein såg at det innebar at ein fekk fleire skirenn og færre avlysingar, seier Golberg.
Og forslaget handlar nemleg ikkje berre om å slutte seinare, men også utsetje starten.
– Ein må forskyve sesongen. Vi går jo ingen skirenn i april, men det er ganske mange stader det er godt skiføre i april. Viss du forskyv sesongen to veker, så trur eg ein har løyst problemet, seier Holund.
– Er det ei bra løysing for løparane også?
– Ja, eg trur det altså. Vi har ikkje gått mykje på ski før vi blir kasta ut i det og skal prestere. Så det er jo litt stress, og så er det jo tynt med snø då. Det er jo på hengande håret kvart år då at vi kan arrangere her på Beitostølen. Eg hadde nok gjort det, hadde eg bestemt.
Martin Løwstrøm Nyenget meiner det vil vere lettare å lagre snøen til renn seint på året, enn å måtte lagre han igjennom ein sommar for å få på tidlegare renn. Derfor meiner også han at våren må utnyttast.
– Mars og april er kanskje den finaste månaden å vere skiløpar på. Då er det godt og varmt i vêret, det er fint for publikum og eg trur det vil vere mykje enklare for arrangørane å få gjennomført. Ein ser jo kor store utfordringar dei har med å arrangere det no i midten av november, seier Martin Løwstrøm Nyenget.
– På kanten til parodi
Forslaget til løparane høyrest jo greitt nok ut å gjennomføre, men det er spesielt eitt problem som gjer at langrennssjef Espen Bjervig ikkje er hundre prosent seld.
– Mykje av grunnen til at sesongen dragast i gang så tidleg er jo den kommersielle tida som heiter jul. Kvar vi kjøper julegåver. Og klart det å få skiidretten synleg, gir meir omsetning av ski, og så vidare. Det er eit argument for, at skiindustrien og skiidretten skal ta del i det, seier han til NRK.
Det betyr likevel ikkje at han synest forslaget til løparane er dårleg. For i år har det vore lite som taler til fordel for å starte sesongen tidleg.
– I år spesielt er det på kanten til parodi. Vi reiser land og strand rundt og går på ei kvit stripe ein eller annan stad, og så veit du at når du kjem til mars/april, er det skiføre overalt. I alle fall på den nordlege kalotten, og i USA og Russland. Det er mykje lettare å ha sesongen utover den vegen. Det er noko som pressar seg fram, seier Bjervig.
– Men igjen, det har lite å seie for oss her og no, men det kan ha noko å seie for utøvarar og kontraktar med utstyrsleverandørar, og slike ting. Klart det, viss jula ikkje blir ein vinteraktivitetsmånad, at dei mistar mykje skisal der, så vil det ramme alle som er ein del av idretten.