NRK Meny
Normal

Her leitar landslagspadlarar etter mat i container: – Der er det ekstremt mykje godt

Padling er ein idrett der utøvarane får svært dårleg betalt. Derfor må dei finne kreative løysingar for å skaffe seg nok mat.

Padlere leter etter mat i container

KOSTAR FOR MYKJE I BUTIKKEN: Padlarane rotar rundt i containerar for å finne den maten dei treng. Padling er ein idrett som ikkje gir rare inntekta

Foto: Tobias Prosch Simonsen / NRK

– Nokre av våre utøvarar lever på eit absolutt minimum. Dei har funne ut at mykje god mat blir kasta i containerar ved matbutikkar, så dei har perfeksjonert seg i å plukke opp gode produkt frå containerane, seier padleforbundets sportssjef Eirik Verås Larsen.

Det starta for om lag eit år sidan. Padlarane blei ikkje tekne ut til OL i Rio, og Daniel Salbu og Fridtjof Rosenlind Falch bestemte seg for å ta ein to veker lang biltur i Norge i staden, som ei trøyst.

Dei ville leve så sparsamt som råd, og berre bruke pengar på drivstoff og ferjebillettar.

Jackpot med ein gong

– Då blei det til at vi stoppa og prøvde å leite etter mat i ein container. Og vi fann jackpot på første forsøk. Sidan har det berre balla på seg, seier Salbu.

Daniel Salbu seier at han driv med «dumpster diving» først og fremst for å ha råd til å satse på padling.

– Vi tener ingenting på idretten vår, og mat kostar altfor mykje i butikken. Vi et mykje, derfor har eg spart bra med pengar på å leite i containerane, seier Salbu.

– Eg har ikkje handla i butikken sidan eg kjøpte ein pakke med havregryn i mars eller april.

– Det er padlinga vi brenn for

Fridtjof Rosenlind Falk og Daniel Salbu

BRENN FOR IDRETTEN SIN: – Vi greier oss eigentleg ikkje, men vi gjer det vi kan for å overleve, seier Daniel Salbu (t.v.) og Fridtjof Rosenlind Falch. – Og vi finn ekstremt mykje godt i containerane, seier dei

Foto: Tobias Prosch Simonsen / NRK

Fridtjof Rosenlind Falch leitar også i containerar etter mat, sjølv om han etter eige utsegn ikkje er like aktiv som kameraten.

– Korleis greier ein seg i padling med så liten inntekt?

– Ein greier seg eigentleg ikkje. Ein er avhengig av å ha folk rundt seg som kan tole å leve litt under radaren. Men padling er det vi brenn for, og vi gjer det vi kan for å overleve, seier Falk, som i motsetnad til Salbu ikkje studerer ved sida av, men er padlar på heiltid.

– Mamma klikka

Reaksjonane frå omverda på «dumpster divinga» er nokså ulike.

– Mamma klikka då ho fekk vite om det. Men ho har vel vent seg til det etter kvart. Ho har også funne ut at ein finn mange skattar i den containeren.

– Men vi er litt varsame med korleis vi fortel det, og kven vi seier det til, seier Salbu.

Han bryr seg ikkje om reaksjonane.

– Eg kan med handa på hjartet seie at eg et mykje betre no enn eg har gjort før. Vi finn ekstremt mykje bra som ligg skjult nede i containerane.

– Har de inspirert lagkameratane?

– Ikkje til å kaste seg ut i det for fullt. Men haldningane er endra til det meir tolerante, og fleire prøver seg ein gong i blant, seier Daniel Salbu.

Siste nytt

Sendeplan

Kl. Program Kanal