NRK Meny
Normal

I rute til å bli tidenes norske skiskyttar: – Eg har hatt litt «tur»

Aldersmessig knuser Johannes Thingnes Bø (24) både Ole Einar Bjørndalen (44) og Emil Hegle Svendsen (32) i talet på verdscupsigrar i karrieren.

Johannes Thingnes Bø

FRAMFOR LEGENDER: Johannes Thingnes Bø etter 1.-plassen på 15 kilometer fellesstart i Ruhpolding. Nå leiar han aldersmessig i talet på 1.-plassar i verdscupen.

Foto: Berit Roald / NTB scanpix

– Det er ein utruleg god statistikk, og ein bra milepæl å ligge framfor dei, seier Johannes Thingnes Bø til NRK.

Stryningen har hatt ein supersesong i verdscupen med åtte sigrar totalt.

Dermed ligg han aldersmessig framfor både Emil Hegle Svendsen og Ole Einar Bjørndalen i talet på 1.-plassar i verdscupen.

Statistikken er som følgjer:

  • Johannes Thingnes Bø nådde 21 verdscupsigrar i sitt 25. bursdagsår: 24 år, 8 månader og 4 dagar

  • Emil Hegle Svendsen nådde 21 verdscupsigrar i sitt 26. bursdagsår: 25 år 8 månader og 9 dagar.

  • Ole Einar Bjørndalen nådde 21 verdscupsigrar i sitt 27. bursdagsår: 27 år, 1 månad og 3 dagar

Konklusjon: Johannes Thingnes Bø er 1 år før Svendsen, og over 2 år før Bjørndalen i talet på 1.-plassar i verdscupen.

– I sitt livs form

– Det er to store utøvarar som har utretta utruleg mykje bra for Noreg i meisterskap og i verdscupen, så dette er stort for meg, seier Thingnes Bø vidare.

Likevel er det langt opp til Ole Einar Bjørndalens 96 verdscupsigrar (1 i langrenn). Thingnes Bø må regjere over mange år om han skal ta igjen «Kongen av skiskyting» i verdscupsamanheng.

I tillegg har Bjørndalen ubeskjedne 58 medaljar i OL og VM, som er nærast umogleg å overgå.

Emil Hegle Svendsens 36 sigrar så langt, er innanfor rekkevidde.

– Det er ikkje tvil om at Johannes er i sitt livs form akkurat no. Får berre håpe at han held på den forma fram til OL. Då ser eg for meg at det kan bli hyggeleg for han i Sør-Korea, seier Emil Hegle Svendsen.

Johannes

LAGKAMERATAR: Johannes Thingnes Bø har framleis langt opp til Ole Einar Bjørndalen i talet på verdscupsigrar. Her under verdscupen i Østersund i desember.

Foto: Lise Åserud / NTB scanpix

– Byrja tidleg å vinne

Berre 19 år gamal debuterte Thingnes Bø i verdscupen med ein 28.-plass på sprinten i Holmenkollen i mars 2013. I desember same år kom den første sigeren på sprinten i franske Annecy, berre 20 år gamal.

Det er også forklaringa på at han ligg føre skjemaet til to norske skiskyttarlegender, meiner han sjølv.

– Eg byrja tidleg å vinne løp i verdscupen. Og har vunne litt kvart år. Det har berre hopa seg litt opp.

– I tillegg har det gått veldig bra i år. Eg har nesten dobla talet på verdscupsigrar. Så eg har hatt litt «tur», meiner Thingnes Bø.

– Vil vinne «mest mogleg»

24-åringen forklarar årets gode sesong med betre skyting på standplass, samtidig som han framleis held den høge farten i løypa.

Men om han nokonsinne når opp til Ole Einar Bjørndalen kan han ikkje love.

– Eg håpar å vinne mest mogleg. Men det går opp og ned. I fjor vann eg to sigrar. I år har eg åtte. Så dette varierer. Men det hadde vore kjempekjekt å vore like god kvart einaste år, seier Bø.

24-åringen har blant anna valt å lade opp i høgda i italienske Anterselva før avreise til OL i Sør-Korea.

– Målet mitt er å ta eitt gull i Pyeonchang. Det hadde vore ein stor draum. Det er mogleg med dei resultata som eg har hatt denne sesongen. Men eg må ha full klaff, seier Johannes Thingnes Bø.

Siste nytt

  • Espanyol sparket treneren

    Quique Sánchez Flores har fått sparken som trener for den spanske fotballklubben Espanyol.

    Det meldte klubben fredag. Sportsdirektør Jordi Lardin må også gå.

    Espanyol ligger i øyeblikket på 16. plass i La Liga.

    Espanyol Sanchez Flores
    Foto: Nikolas Giakoumidis / AP
  • Norge vant i VM-oppkjøringen

    Det norske ishockeylandslaget slo fredag kveld Sveits 2–1. Stefan Espeland og Tobias Lindstrøm satte målene for Norge.

    Norge spiller ny kamp mot Sveits i morgen, før laget avslutter VM-oppkjøringen med to kamper mot Hviterussland neste helg.

    Ishockey: Norge - Russland 0 - 2
    Foto: Fredrik Hagen / NTB scanpix
  • Pinot-seier i Tour of the Alps

    Franske Thibaut Pinot tråkket inn til 6.-plass på den avsluttende etappen av Tour of the Alps. Det holdt til å vinne rittet sammenlagt.

    Det var ukrainske Mark Padun fra Bahrain-laget som vant etappen.

    CYCLING-AUT
    Foto: REINHARD EISENBAUER / AFP

Sendeplan

Kl. Program Kanal
Sportslørdag
4-4-2 med Schau og Aune
4-4-2 med Schau og Aune
4-4-2 med Schau og Aune
4-4-2 med Schau og Aune
4-4-2 med Schau og Aune
4-4-2 Eliteserien: Brann - Stabæk