- 20.55: X Games: Kvalifisering, ski slopestyle
– Han er svært strategisk og kalkulert i konkurransar. Han har repetert triksa til det keisame. Andre utøvarar tar ofte høgare risiko, men ein ser kvar gong at det er utøvarar som Bråten, som kanskje senkar vanskegraden og risikoen litt som tek topp-plasseringane.
Derfor meiner NRKs ekspertkommentator Fridtjof Fredricsson at Øystein Bråten er favoritt. Han er nemleg litt annleis enn andre skikøyrarar.
– Eg forsøker å gjere triks som eg veit eg har inne. Det handlar om å prøve å køyre trygt, samstundes som du tek sjansar. Men så skal ein sjølvsagt ikkje ta for store sjansar da. Eg er kanskje litt taktisk. Ein må jo vere litt lur, seier Bråten.
– Aldri vore betre
Tidlegare skikøyrar og no ekspertkommentator for Eurosport Andreas Håtveit, er einig med Fredricsson.
– Han er god allround, flink taktisk og han har lært seg å velje run der prosenten for å lande er veldig høg. Men likevel får han nok poeng til gode plasseringar, seier Håtveit.
Bråten vann slopestylegull i både Aspen og i Hafjell i 2017. I helga skal han forsvare draumetittelen i Aspen.
– Eg tykkjer det er artig at folk ser på meg som ein favoritt, seier Bråten til NRK.
I tillegg til gode prestasjonar i fjor har Bråten vore på pallen i tre av fire slopestylekonkurransar i verdscupen han har stilt opp i denne sesongen.
– Med den sesongen eg har hatt så langt, har eg aldri vore betre, seier Bråten.
– Han er ein luring og han er så stabil, seier Andreas Håtveit.
Pallen er målet
Øystein Bråten har vore med i mange år og han enda på 8.-plass i OL 2014. Men det var fyrst i fjor at han slo gjennom for fullt med gulla i X Games. Skikøyraren vedgår at det er artig å endeleg vere blant dei beste.
– Det er veldig kult å vere i toppen. Artig at folk har trua. Men det er berre to runs i ein konkurranse, og berre eit som tel. Så da gjeld det å få klaff den dagen da, seier Bråten.
Sjølv om han no blir rekna som ein av dei største favorittane i X Games, er han tilfreds om han får ein plass på pallen.
– Målet mitt er å sette saman eit run som kan vinne, men viss eg kjem topp tre så skal eg ikkje klage, seier Bråten.