På dei trønderske øyane Hitra og Frøya gjer dei seg klar til årets leikar på den karibiske øya. Det er første gongen øyleikane blir arrangert utanfor Europa, og det gjer det ekstra dyrt å vere med.
Årets leikar begynner med opningsseremoni laurdag 13. juli og blir avslutta 19. juli.
.
– Det blir nokre eigendelar for å finansiere dette, ja, seier Knut Arne Strømøy. Han er sekretær for Frøya si deltaking.
Eingongshending vart permanent
Ideen oppstod i samband med det internasjonale sportsåret i 1985. Då vart dei første øyleikane arrangert på øya Man.
- Det skulle berre vere ei eingongshending, men så blei det til at vi heldt fram med det, seier Strømøy. No har leikane blitt arrangerte annakvart år sidan.
Og dei har blitt ein tradisjon for medlemsøyane over heile jordkloden. Det er derfor vesle Frøya på Trøndelags-kysten får møte omstridde Falklandsøyane frå det sørlege Atlanterhavet søndag kveld.
står bak leikane. Den vart stifta i 1985 på øya Man, ei engelsk øy i Irskesjøen. Dei første leikane vart arrangerte der same året. 24 øyar var med frå starten. Medlemstalet i dag er framleis 24, men Island og Malta er erstatta av Menorca og Prince Edward Island.
Første gong utanfor Europa
Medlemslanda skal ikkje overstige 25. Det er fordi det ikkje skal bli altfor tungt for dei små øyane å vere arrangør for leikane.
Leikane på Bermuda i år er dei 15. i rekka. Alle dei 14 tidlegare leikane har vore arrangert i Europa.
"Vi er fullstendig klar over kostnadene de har ved å kome hit til Bermuda. Men vi kan forsikre dykk om at det er verdt det. For mange av dykk er dette ei oppleving de får berre ein gong i livet, og vi skal gjere alt for å lage "the best games ever", skriv leiaren i arramngørkomiteen Jon Beard i
på nettet.69 trønderar deltek
Turi Malmes siger i halvmaraton i 2007 er høgdepunktet i Hitras deltaking
Foto: Sven Amund Fjeldvær / PrivatKonkurranseprogrammet omfattar 17 idrettar, og det er venta rundt 2000 deltakarar til Bermuda desse julidagane. Frøya sender 20 aktive, Hitra 49. Begge kommunane sender fotballag, Hitra også volleyballag.
Øyane som høyrer til Storbritannia har vore klart best. Jersey toppar medaljetabellen med 396 gull sidan 1985. Man og Guernsey har også tatt grovt for seg.
Hitra og Frøya har vore langt meir beskjedne. Sju medaljar har det blitt totalt, og berre ein gull til kvar av dei to øyane. Frøya vann fotballturneringa i 1985, medan Turi Malme frå Hitra vann halvmaraton i 2007.
– Kvifor er Hitra og Frøya med, som dei einaste norske øyane?
– Vi vart inviterte av Man, som tok initiativet i 1985, og vi valde å seie ja, seier Hege Alice Østmark. Ho er sekretær for Hitra kommune si deltaking i leikane.
3000-meter på sandbane
Ho var sjølv med på leikane på kanaløya Guernsey i 1987. Då sprang ho 3000 meter.
– Vi sprang på ei sandbane, det var nokså tungt, minnest ho.
– Men no er det gode anlegg dei konkurrerer på, legg ho til.
Eigen klasse for små øyar
Ettersom folkemengda på øyane varierer stort, vart det i 2001 innført ein regel som gir øyar med folketal under 10.000 høve til å kjempe om medaljar i eigen klasse. Vilkåret er et det er minst tre deltakarar frå desse øyane (fire for å få bronse).
Både Hitra og Frøya er i denne klassen, saman med Alderney, Falklandsøyane, St. Helena og Sark.
Østmark vedgår at det kostar litt. Eigenandelane blir dryge, i tillegg gir kommunen noko støtte, og ein del sponsorar stiler opp for å dekke utgiftene.
Det er kommunane som eig medlemskapet i Island Games.
– Eitt av motiva våre er å halde ungdommen innanfor idretten og i heimbygda. Vi trur at deltaking her kan vere in liten motivasjon. Å møte idrettsungdom frå heile verda til idrett, sosialt samver og kulturutveksling er fint, seier Østmark.