Hopp til innhold

Toppidrettssjefen: – Media gjekk altfor langt

SOTSJI/OSLO (NRK.no): Toppidrettssjef Tore Øvrebø er svært kritisk til norske medium si handtering av smørekrisa under OL. Han meiner smøreteamet og enkeltpersonar fekk altfor hard medfart.

Tore Øvrebø og presse

Tore Øvrebø meiner smøreproblema under OL blei blåst altfor stort opp av media. Det seier han klart ifrå om no når OL er vel overstått.

Foto: Junge, Heiko / NTB scanpix

Spesielt meiner han det blei for mykje då dei norske utøvarane sleit som verst med skia.

nyst

Smøresjef Knut Nystad kjende at det brann under føtene då det gjekk som verst for dei norske utøvarane i Sotsji.

Foto: Junge, Heiko / NTB scanpix

– Kritikken var rettkomen, men den var altfor sterk sett opp mot totalen på OL. Det har vist seg i etterkant dei tok for hardt i, meiner Øvrebø.

Toppidrettssjefen forstår at det blir oppslag når skia ikkje fungerer. Likevel meiner han fokuset på smøresjefane og apparat rundt blei for stort.

– Vi må kritiserast for det, men eg synest det gjekk altfor langt og altfor hardt inn på enkeltpersonar, seier Øvrebø til NRK.

Spesielt har smøresjefane i Knut Nystad (langrenn) og Morten Hegle Svendsen (skiskyting) fått høyre det.

Frå spørsmålsteikn til tydeleg

Først blei det tøft for langrennsdamene på 10 kilometer klassisk og for skiskyttarmennene på deira 20-kilometer.

– Forhåpentlegvis så treffer vi litt betre i morgon, sa Nystad etter 10-kilometeren.

– Normalt sett skulle eg kjempa med Fourcade på ein dag som dette. Eg følte meg pigg, så eg er overraska over at eg er så langt bak, sa Emil Hegle Svendsen etter 7.-plass med eitt minutt dårlegare langrennstid enn rival Martin Fourcade.

Så blei også 15 kilometer klassisk for langrennsmennene ein nedtur. Det same blei 15-kilometeren for skiskyttardamene.

– I dag har vi altfor dårlege ski. Det er ubehageleg å seie det, men slik er det. I dag hadde ikkje Tora hatt sjanse på gullet uansett, sa ein oppgitt landslagstrenar Egil Gjelland etter skiskytingsfiaskoen.

Gradvis forstod både media og smørarane at ting ikkje var som dei skulle. Dårleg form på fleire utøvarar var ikkje heile fasiten. Smørekaoset hadde ikkje nådd klimaks.

Saka held fram under bildet.

Eldar Rønning

Eldar Rønning var lyn forbanna etter herrestafetten. Dårlege ski fekk det meste av skulda for fiaskoen.

Foto: ODD ANDERSEN / Afp

«Den største overraskinga ein kunne få»

Laurdag 15. februar var nemleg alt duka for eit så å seie sikkert gull: Stafetten for langrennsdamene. Det enda til slutt med 5.-plass, 53 sekund bak Sverige.

– Eg hadde ikkje optimale ski. Det er ein del av «gamet» å ha gode ski. Det høyrer med om ein skal kjempe om eit OL-gull, sa ei svært skuffa Marit Bjørgen etter nedturen.

NRK sin langrennskommentator, Jann Post, omtalte stafetten som «ein sensasjon» og «den største overraskinga ein kunne få i langrenn». Smøreteamet la seg flate og unnskylda. Samstundes innrømma dei at løysinga på problema ikkje låg klar.

– Det kan sjå mørkt ut (for herrestafetten), men vi kan ikkje gi opp. Vi må stå rakrygga og prøve å rette det opp og kome sterkare tilbake, sa smøresjef Nystad til NRK.

Så blei nedturen også total på herrestafetten dagen etter. Eldar Rønning sa det enkelt: – Vi har ikkje ein sjanse med desse skia. Det er heilt umogleg.

Petter Northug på sisteetappen, med litt andre ski og ein annleis slip, skapte derimot håp.

Morten Hegle Svendsen

Morten Hegle Svendsen var svært letta etter Tiril Eckhoff sin bronsemedalje.

Foto: Anders Rove Bentsen / NRK

– Eg har sove cirka to timar

Smørarane samarbeider på kryss og tvers av greiner, og smørekaoset gjekk verst utover langrennsløparane. På eitt tidspunkt fortalde Knut Nystad at andre nasjonar hadde tilgang på andre og nye smøreprodukt.

– Dette er ikkje ein konspirasjonsteori. Eg har fått stadfesta frå leverandørar at det finst produkt vi ikkje har fått, sa Nystad på eit pressetreff måndag morgon.

Kombinertutøvarane hadde pause på tidspunktet, medan skiskyttarmennene fekk fellesstarten sin utsett frå søndag heilt til tysdag på grunn av dårleg vêr.

Den nye testen kom måndag ettermiddag då det var fellesstart for skiskyttarkvinnene. Der blei det ein litt sensasjonell bronsemedalje til Tiril Eckhoff – og skia var gode.

– No er eg veldig glad og letta. Ei bronse til Tiril i dag er godt som gull, sa smøresjef Hegle Svendsen.

Sochi Olympics Biathlon Men

Ein tårevåt Emil Hegle Svendsen kunne juble for OL-gull etter perfekte ski.

Foto: Kirsty Wigglesworth / Ap

Smørarane hadde jobba time etter time for å knekke smørekoden, og endeleg sat det. Stress, venting og testing enda heldigvis godt.

– Men det har vore slitsamt. Eg trur eg har sove cirka to timar på halvanna døgn. No ser eg fram til å få sove ut, innrømma ein letta smøresjef til NRK.

Endeleg tilbake på topp

Tåka hadde letta, smøregåta var løyst. Dagen etter Eckhoff-medaljen blei det først suverent gull til Marit Bjørgen og Ingvild Flugstad Østberg på lagsprinten – med «fantastiske ski».

Så følgde Emil Hegle Svendsen opp med gull på mennene sin fellesstart, ei tå framfor Fourcade.

– Denne sigeren gir eg bort til smøreteamet. Dei har hatt det heilt jævlig den siste tida, det var godt vi fekk det til no, sa Hegle Svendsen til NRK – like etter at han hadde gitt bror og smøresjef Morten ein lang og rørande klem.

For smøregåta hadde tatt på. Ikkje berre hadde det gått med krefter og søvn. Smøresjef Nystad hadde fått kjent det heilt heim til Noreg då dottera skal ha blitt mobba. Sjølv fortalde han om meldingar på trusselnivå til TV 2.

– Det som er pussig er at dei sender med fullt namn, fullt telefonnummer og adresse. Dei må vere jævlig forbanna, sa Nystad.

Løfshus

Landslagssjef Vidar Løfshus meiner òg at smørekritikken gjekk vel langt.

Foto: Åserud, Lise / NTB scanpix

– Har blitt veldig tabloidisert

No er OL over og fasiten er 11 gull, fem sølv og ti bronse. Noreg blei berre slått av Russland i medaljestatistikken. Landslagssjef for langrennstroppen, Vidar Løfshus, meiner ein skal tole kritikk, men at det negative fokuset blei for enormt.

– Sånn er det i denne verda med nettaviser og sånt. Det har blitt veldig tabloidisert og om å gjere å få overskrifter. Ting vi seier blir lagt fram på éin måte, og ting blir drege ut av samanheng. Det blir overskrift, konflikt blir skapt med ekspertar i hytt og gevær. Vi må berre vere rolege opp mot det. Det viser heller at engasjementet er veldig høgt, seier Løfshus til NRK.

Toppidrettssjef Tore Øvrebø meiner smøreprosjektet inn mot Sotsji var ein suksess. Likevel vedgår han at det feila ved nokre anledningar i OL. Norske medium burde likevel roa seg, meiner han.

– Det går an å halde fatninga til OL er over, så evaluerer vi totalen. Det ser ganske bra ut no då.

– Men de kan jo jobbe med forma dykkar innimellom, avsluttar Øvrebø.

  • Meiner du media gjekk for langt då det stod på som verst i smørekaoset? Sei meininga di i kommentarfeltet under.
Toppidrettssjefen Tore Øvrebø oppsummerte OL, prestasjoner og hva som skuffet mest.

Siste nytt

  • Tobias Foss på Ineos-laget i Giro d'Italia

    Tobias Foss (26) er blant åtte Ineos-ryttere som skal delta i årets Giro d'Italia.

    Det var ventet at Vingrom-mannen kom til å få plass på laget. Nylig viste han form i Tour de Alps, hvor han vant den første etappen.

    – Det hadde nok gått uansett, men denne seieren er nok spikeren i kista. Laget er riktignok ikke tatt ut ennå, sa Foss til NTB nylig etter triumfen på åpningsetappen i Nord-Italia.

    Giroen varer fra 4. til 26. mai. For tre år siden ble Foss nummer ni sammenlagt i Grand Tour-rittet.

    Hele laget til Ineos i Giro d'Italia: Thymen Arensman, Geraint Thomas, Filippo Ganna, Jhonatan Narváez, Magnus Sheffield, Ben Swift, Connor Swift og Foss. (NTB/NRK)

    Tobias Foss
    Foto: AFP
  • Landslagsspiller klar for finsk ishockey: – Enkelt valg

    Den norske landslagsspilleren Christian Kåsastul har skrevet under en kontrakt med den finske ishockeyklubben KooKoo.

    27-åringen bekrefter overgangen til TV 2.

    – Det var et enkelt valg. Jeg ville tilbake til Finland. Det er en topp liga i Europa. Det er fokus på struktur og det defensive spillet, og det passer meg godt, sier Christian Kåsastul til TV 2.

    FID276OpxVg
    Foto: NTB
  • Store endringer på kombinertlandslaget: Fra 13 til seks utøvere

    I vinter var det ni menn og fire kvinner på kombinertlandslaget. Til neste sesong slås de to lagene sammen til ett, samtidig som det kuttes drastisk.

    – Vi ønsker å spisse satsingen enda mer mot et VM på hjemmebane neste år og optimalisere satsingen mot de aller, aller beste, sier sportssjef Ivar Stuan til NRK.

    De seks utøverne som blir en del av Elite A-landslaget er: Jørgen Graabak, Ida Marie Hagen, Gyda Westvold Hansen, Mari Leinan Lund, Jens Lurås Oftebro og Jarl Magnus Riiber.

    Samtidig har ledelsen opprettet et B-landslag. Der er det én kvinne og syv menn. Blant dem flere som har medaljer og gull fra VM og OL.

    B-laget består av: Marte Leinan Lund, Espen Andersen, Espen Bjørnstad, Kasper Moen Flatla, Einar Lurås Oftebro, Aleksander Skoglund, Andreas Skoglund og Simen Tiller.

    – Vi legger også til rette for de nest beste, men de vil trene mye mer lokalt med sine regionale team, sier sportssjef Stuan om utøverne på Elite B-laget.

    Ifølge Stuan handler kuttet i antall på A-laget først og fremst om optimalisering, men også noe økonomi.

    Neste år er det VM på hjemmebane i Trondheim.

    Kombinert
    Foto: NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal