– Vi har heilt klart overprestert ut frå dei ressursar vi har, seier Harald Gjervik.
Han er den einaste tilsette i administrasjonen i Florø Sportsklubb.
FSK er på femteplass på tabellen i 1. divisjon, ein plass som ved sesongslutt gir playoff om opprykk til eliteserien.
Lågt budsjett
Spådommane før sesongen frå alle ekspertar var klar. Florø kom til å rykka rett ned att.
– Eg trudde nok før sesongen at vi heller skulle kjempe for å få kvalikplassen i den andre enden av tabellen, seier Gjervik.
– Målsetjinga er å overleve, slik at vi får vere med på dette eit år til.
Med ti kampar att av sesongen har dei tatt 31 poeng. Historisk er det nok til å halda plassen.
Sidan det historiske opprykket førre sesong har laget frå kystbyen satsa på dei same spelarane. Budsjettet er berre på seks millionar og det har gitt lite handlingsrom på overgangsmarknaden.
– Vi satsar på lokale spelarar så langt det er mogeleg, seier Gjervik.
I dag har klubben to spelarar frå Austlandet og tre importar. Resten er lokale, dei fleste frå Florø og omland. Det er ein policy de ikkje har lyst til å endre på.
Laget har ein stamme han har trent sidan dei gjekk i småskulen.
- Les også:
Mest effektiv i landet
Florø starta sesongen med ein mager poengfangst, men vann seks kampar på rad i serien i sommar. Det tok laget opp frå botnkampen og inn i opprykkskampen.
– Vi nærmar oss målsetjinga om å etablere oss i divisjonen, seier trenar Terje Rognsø.
Han kan nyte livet etter 5–0 over Mjøndalen heime i Florø onsdag, og den gode forma har gjort spelarane attraktiv. På den siste dagen av overgangsvindauget vart kantspelar Rashad Muhammed seld til Sarpsborg 08.
Men den heitaste spelaren i Florø om dagen er storscorar Endre Kupen. 13 mål, 13 kampar og ei scoring kvart 74 minutt har gjort at han har blitt samanlikna med Sergio Agüero.
– Vi hadde konkret bod på Endre frå Start, men det passa oss ikkje å selje no, seier Rognsø om mannen som scora fire av måla mot Mjøndalen, og som har skrive kontrakt med FSK til 2021.
- Les også:
Skyhøgt engasjement
Gjervik er innforstått med at om Florø skal etablere seg i divisjonen, er dei nøydd til å byggje større administrasjon.
– Det er vi smerteleg klar over. Vi jobbar kontinuerleg med å finne løysingar og å byggje det gradvis opp.
Han fortel om eit skyhøgt engasjement i Norges vestlegaste by.
– Eg må rekne med lang tid gjennom sentrumsgata no, for alle skal snakke fotball, seier Gjervik og ler.