Det svenske laget har nemleg landa på ein spesiell kampanje før alvoret startar i England.
Under namnet «How to stop Sweden» har svenskane lista opp styrkane, taktikken og spelardata til spelarane der du finn merkelappen på drakta.
No er merkelappen gøymd bak mange, lange «merkelappar» som inneheld tips for å slå Sverige.
Her står det mellom anna følgjande om Sveriges førstemålvakt Hedvig Lindahl: «(...) Ho er òg nøkkelen til mange av Sveriges kontringar gjennom å sparke eller kaste ballen direkte til spissane. Ver derfor førebudd på å presse dei svenske spelarane høgt i bana når Lindahl vinn ballen».
HOW TO STOP SWEDEN: På denne merkelappen står oppskrifta til korleis ein kan stoppe dei svenske spelarane.
Foto: Skjermdump Svenskfotboll / TwitterDet er Sveriges analytikar Anders Eriksson som har penneført «Sverige-guiden».
– I analysen avslører vi nøyaktig korleis vi vinn, korleis vi spelar og korleis motstandarlaget – kanskje – har ein sjanse til å slå oss, seier spissen Stina Blackstenius.
– «Cocky» meldt
Sverige er per i dag berre bak USA på Fifa-rankinga. Dei går med andre ord inn i EM som ein av dei store favorittane.
KONTRINGSVÅPEN: Sverige-målvakt Hedvig Lindahl.
Foto: PEDRO NUNES / ReutersGuro Reiten, som har fleire svenske lagvenninner i Chelsea, hadde ikkje fått med seg Sverige-grepet då NRK viste det til henne.
– Oh, det er «cocky» meldt i alle fall, ja. Men eg har jo nokre svenskar på laget, så kanskje eg får rappa med meg ei drakt, då, så får vi oppskrifta servert, seier Reiten og ler.
– Kva tenkjer du om det?
– Det er artig. Det er kult. Dei trur vel det er positivt for dei, og så gir det litt motivasjon for alle andre, kanskje. Den var ny. Eg likte han, eg.
Julie Blakstad har òg sansen for stuntet. Ho trur svenskane gjer det for å gi uttrykk for eit overtak og utstråle sjølvtillit.
«Blågults kaxiga EM-meddelande», skriv Aftonbladet.
– Er det litt «kaxig»?
KLARE: Her er Julie Blakstad saman med Ada Hegerberg under landslagstreninga på tysdag.
Foto: Heiko Junge / NTB– Vi likar jo å melde litt på dei vi, òg. Men dei går jo høgt ut. Dei legg jo press på seg sjølv òg, for så vidt. Viss dei mislykkast heilt, vil dei jo få høyre det. Men eg synest det er litt kult å tore å gå ut og ha høge mål, eg. Det likar eg, seier Blakstad.
Blant gullfavorittane
Landslagstrenar Martin Sjögren heva augebryna då han vart gjord merksam på heimlandets påfunn. Han kjenner det svenske laget betre enn dei fleste.
– Jaja, det var jo ... Eg veit ikkje heilt kva eg skal seie om det. Eg synest jo eg har ganske bra koll på Sverige likevel, men vi takkar og bukkar, seier Sjögren.
NORGE-SJEF: Martin Sjögren.
Foto: VEGARD GRØTT / BILDBYRÅN44-åringen er klar på at Sverige er blant dei aller største EM-favorittane.
– Dei er eit ganske godt stykke framfor oss, og Sverige har teke store steg dei siste åra. Peter og Magnus har gjort ein veldig god jobb med laget. Samtidig har eg veldig stor tru på at vi kan slå kven som helst på ein god dag. Det gjeld òg Sverige, då. Men viss du ser på resultata i det siste, så er Sverige ein av dei store gullfavorittane, seier Sjögren.