Småskadde Thorkildsen var usikker på seg sjølv før konkurransen, men leverte det sjette lengste kastet i verda hittil denne sesongen.
Resultatet er også forbetring av Thorkildsens personlege rekord med nesten to meter.
Det er også det nest lengste kastet av ein nordmann. Berre Pål Arne Fagernes har kasta lengre.
Sjølve landskampen vann England med minst mogeleg margin. Begge landa hadde 73 poeng, men England vann fordi de hadde fire øvingssigrar, mot tre for Noreg.
I tillegg til Thorkildsens siger i spyd vann Anne Gerd Eieland høgde og Trine Pilskog 800 meter. Kvinnene vann sin del av landskampen, mennene tok andreplass.
Irland, Litauen og Wales ende langt bak England og Noreg.