NRK Meny
Normal

Hevdar Barshim (23) har hoppa over verdsrekorden fleire gonger

Mutaz Essa Barshim har hoppa fleire gonger over verdsrekorden det siste året. Torsdag kan han få det til også i konkurranse – på Bislett.

Mutaz Essa Barshim fra Qatar gikk over 2.43 i høyde og med det nærmer han seg Javier Sotomayors verdensrekord.

Tredje beste hoppet i verdshistoria: Sjå Barshim gå over 2,43 i Brussel i fjor

23-åringen frå Qatar er mannen som hoppar høgast i verda akkurat no. 2,43 frå avslutninga i Diamond League i Brussel i fjor gjer han til den nest beste høgdehopparen i verdshistoria.

Verdsrekorden lyder på 2,45 meter, sett av cubanaren Javier Sotomayor i juli 1993. Det er snart 22 år sidan. Sotomayor hadde også ei stund rekorden på 2,44.

– Det siste året har vore godt, men eg er ikkje nøgd likevel, seier trenar Stanislaw Szczyrba.

– Beste hoppet i verdshistoria

Mutaz Essa Barshim ligger godt ann til sette ny verdensrekord i høyde. I følge treneren har han hoppet så høyt som 2,48m.

– Innandørshoppet på 2,41 i Irland i vinter var i realiteten minst 2,48, seier trenar Stanislaw Szczyrba

Han fortel at Barshim fleire gonger har hoppa over verdsrekorden allereie, og at fleire av resultata i konkurranse også i realiteten har vore over gjeldande verdsrekord.

– Innandørs i Irland hoppa han 2,41 i februar. Det er etter mi meining det beste hoppet som nokonsinne er gjort. Eg er sikker på at han i realiteten var over verdsrekorden i det hoppet, seier trenaren. – Han var garantert over 2,48 med alle deler av kroppen.

Og Szczyrba ramsar opp fleire:

– 2,40 i New York var garantert over 2,46. I Roma og i Eberstadt var han heilt sikkert også over 2,46. Det er konkurransar der han i realiteten har slått verdsrekorden.

Sterkt høgdefelt på Bislett

Barshim fra Qatar

Mutaz Essa Barshim er beste høgdehopparen i verda no, og jaktar verdsrekord på Bislatt torsdag

Foto: KARIM JAAFAR / Afp

Torsdag står Barshim i spissen for eit felt som tel dei aller beste høgdehopparane under Bislett Games.

– Eg håpar han går over verdsrekorden i Oslo torsdag, seier trenar Stanislaw Szczyrba.

Som går rundt med ein caps med teksten «What Gravity?» (Kva for tyngdekraft?)

Hovudpersonen sjølv er ikkje like sikker. Det er ikkje no han skal vere i toppform.

– Eg er der eg skal vere på denne tida av sesongen, men målet er VM i august, seier han. – Det betyr ikkje at eg er ute av form no. Men eg har heller ingen formtopp, den bør ikkje kome for tidleg, seier han når NRK er på besøk heime i Doha .

– Finst inga grense

What Gravity

Opphevar nesten tyngdekrafta: 'What Gravity?' står det på capsen til Barshims trenar

Foto: NRK

– Eg trur ikkje det finst noko spesifikk grense for kor høgt ein kan hoppe, seier Barshim.

– Eg vil ikkje talfeste noko mål, for då kan eg lett låse meg. Eg vil alltid forbetre meg, seier Barshim.

Han har alltid vore oppteken av trening. Faren var også idrettsmann, og unge Mutaz var med på det meste.

– Det vart ein livsstil for meg, seier han.

Les også: Mine mest minneverdige hopp

Siste nytt

  • Vidal tiltalt for vold

    Bayern München-stjernen Arturo Vidal er tiltalt for kroppskrenkelse etter en voldsepisode på en nattklubb i byen i fjor høst. Statsadvokaten i München opplyser at strafferammen for det Vidal er tiltalt for er fengsel i inntil 10 år.

    Vidal
    Foto: Matthias Schrader / AP
  • Lyon vann meisterligafinalen

    Med Ada Hegerberg på scoringslista vann Lyon meisterligafinalen med 4-1 mot tyske Wolfsburg. Med sitt eine mål blei Hegerberg tidenes toppscorar i turneringa med 15 mål. Wolfsburgs Caroline Graham Hansen måtte gå av i pausen grunna ei skade.

    Ada
    Foto: Efrem Lukatsky / AP
  • Citroën sparket Kris Meek

    Citroën har sparket den britiske rallyføreren Kris Meek for uforsvarlig kjøring etter en rekke avkjøringer i VM-runder den siste tiden. Nordiren har kjørt ut for ofte på grunn av at han kjører med uforsvarlig høy risiko, meldes det i en uttalelse.

    Kris Meeke
    Foto: TT NEWS AGENCY / REUTERS

Sendeplan

Kl. Program Kanal