NRK Meny
Normal

Otoo sikra siger då Sogndal holdt nullen igjen

Mahatma Otoos scoring i første omgang vart kampens einaste mål, og Sogndal slo med det Haugesund 1-0.

Otoo

GLADGUT: Mahatma Otoo sende Sogndal opp i leiinga i kampen etter 33 minutt i 1. omgang.

Foto: Blom, Christian / NTB scanpix

Laster innhold, vennligst vent..

– Vi veit at Otoo ikkje vert lenge her før han går til ein større klubb. Eg håpar vi kan halde han ut sesongen, seier Sogndal-trenar, Eirik Bakke, om sin matchvinnar.

Sogndal tok leiinga etter ein drøy halvtime heime mot Haugesund, då Rune Bolseth vann att ballen på motstandarens 16-meter. Han leverte til Mahatma Otoo som hamra ballen i nettaket bak ein sjanselaus Per Kristian Bråtveit.

– Eg burde ha scora fleire, men eg fekk scora mitt første mål for sesongen. Det var viktig, for eg har alltid slite med å score tidleg i andre sesongar, seier matchvinnaren til NRK.

Etter ein knapp times spel hadde Otoo sjansen til å doble leiinga for heimelaget, men avslutninga vart for svak då han kom aleine gjennom med keeper.

Innbyttar Ibrahim Shuaibu kom aleine gjennom med Sogndals keeper, Matias Dyngeland etter 77. minuttt, men avslutninga frå skrått hold trilla utanfor.

Skuffa Dempsey

Sogndal har ikkje tapt på heimebane i serien sidan Levanger vann 3–1 på Fosshaugane, 30. april i fjor. Denne sesongen opna dei med tap borte mot Bodø/Glimt, men har sidan vunne to og spelt ein uavgjort. I dei tre siste kampane har dei holdt nullen.

– Vi har holdt nullen i tre kampar på rad og det er eg veldig godt nøgd med. Det skal vera vanskeleg å møte oss her på Fosshaugane, seier Bakke.

Sogndal har med det tatt sju av tolv mogelege poeng sålangt i årets sesong, medan Haugesund har tatt seks etter at dei vann sine to første kampar.

Vi visste kva for ein kamp dette ville bli, men vi var ikkje gode nok, seier Haugesunds trenar, Mark Dempsey.

– Vi har fått ein middels start på sesongen, men vi kunne hatt ein utruleg god start. Eg er skuffa, seier han.

Siste nytt

  • Tåke stoppet Solbakken og FCK

    Slik så det ut i andre omgang mellom Ståle Solbakkens FC København og tsjekkiske Zlin i Europaligaen torsdag. Til slutt var det så dårlig sikt på grunn av tåke at dommeren stoppet kampen på stillingen 1-1, etter 62 minutter.

    FC København
    Foto: David W Cerny / Reuters
  • Nytt tap for Jarstein

    Rune Almenning Jarstein og Hertha Berlin skal få det hardt med å gå videre i europaligaen. Torsdag kom det andre tapet på tre kamper da det ble 2-1 borte mot Zorya Lugansk.

    Rune Almenning Jarstein
    Foto: Axel Schmidt / Reuters
  • Graabak sliter – dropper samling

    Tidligere OL-vinner Jørgen Graabak får ikke kroppen til å fungere. Nå har 26-åringen droppet et planlagt høydeopphold med kombinertlandslaget og reist hjem for å finne ut hva som er galt, ifølge Adresseavisen.

    Jørgen Graabak
    Foto: Lise Åserud / NTB scanpix

Sendeplan

Kl. Program Kanal