Hopp til innhold

Oslo-OL splittar folket

Halvparten av landets befolkning seier klart og tydeleg «ja» til at Norge bør søke om Oslo-OL i 2022, viser ei undersøking gjort for NRK. – Skuffande, seier IOC-medlem Gerhard Heiberg.

Video Bare 50 prosent vil ha OL

VIDEO: Bare 50 prosent vil ha OL.

Gerhard Heiberg

– Litt skuffa er eg, IOC-medlem Gerhard Heiberg om den lunkne OL-optimismen i Norge.

Foto: Holm, Morten / SCANPIX

– Eg trudde det skulle vere noko større entusiasme rundt eit Oslo-OL i 2022, seier Heiberg til NRK.

Dei sju olympiske vinteridrettsforbundene har allereie gått samla inn for at Norge og Oslo skal søke om vinter-OL i 2022.

Men det norske folk er splitta i spørsmålet om hovudstaden bør arrangere OL-fest.

Ei undersøking gjennomført av Norstat for NRK viser at nøyaktig 50 % av landets befolkning er klart og tydeleg positive.

Nesten fire av ti nordmenn, eller meir korrekt 38 %, vil ikkje at Norge skal søke.

12 % av dei spurde vil verken svare ja eller nei.

  • Kva meiner du? Bør Norge søke om OL i 2022? Diskuter i kommentarfeltet!

Heiberg: – Norge bør ikkje søke om fleirtalet er imot

Gerhard Heiberg, som er medlem i den internasjonale olympiske komité, ropar på ingen måte hurra når han får presentert tala.

– Litt skuffa er eg nok, seier Heiberg til NRK.

Han håpar og trur at interessa aukar vesentleg med tida.

– Det er vel litt tidleg å konkludere enno. Først må denne saka gjennom behandling i Oslo bystyre og ekstraordinært idrettsting. Om desse rundane endar positivt trur eg ja-sida vil stige kraftig, og det relativt fort, seier Heiberg og legg til:

– Ein bør ikkje søke om fleirtalet er imot. Eg vil minne om at det før Lillehammer-OL var 60 % for og 40 % imot ein søknad, etter det eg hugsar. Det synst vi i IOC er bra.

Dei eldre bremsar OL-entusiasmen

Fabian Stang

– Entusiasmen bør bli endå større, seier Oslo-ordførar Fabian Stang.

Foto: Kallestad, Gorm / SCANPIX

Det er spesielt hos den eldre delen av folket at fleire er lite positive.

Aldersgruppa under 30 år er den einaste i undersøkinga som viser framlegg til eit rungande OL-ja.

Heile 65 % av landets befolkning under 30 meiner at Oslo er rette staden for OL i 2022.

47 % av dei over 50 år vil ikkje høyre snakk om at Norge og Oslo søker om OL i 2022.

Tala får ikkje Oslo-ordførar Fabian Stang til å hoppe i taket.

– Entusiasmen bør bli endå større, seier han, men påpeiker samstundes at han synst «ja»-sida generelt sett er overraskande stor.

Her bur skeptikarane og optimistane

Optimismen rundt ein OL-søknad er aller størst på Sørlandet og Austlandet. Men heller ikkje her kjem eit rungande «ja!» frå eit samla folk.

Skepsisen er aller størst i Nord-Norge. Med 45 % «nei» er landsdelen er den einaste med eit fleirtal av skeptikarar.

Så mange seier ja (grupper inndelt i landsdel):

  • Sørlandet inkl. Telemark: 57 %
  • Austlandet: 55 %
  • Vestlandet: 44 %
  • Midt-Norge: 48 %
  • Nord-Norge: 40 %
  • Oslo: 48 %

Så mange seier nei:

  • Sørlandet inkl. Telemark: 25 %
  • Austlandet: 34 %
  • Vestlandet: 41 %
  • Midt-Norge: 43 %
  • Nord-Norge: 45 %
  • Oslo: 40 %

Så mange er usikre:

  • Sørlandet inkl. Telemark: 18 %
  • Austlandet: 11 %
  • Vestlandet: 15 %
  • Midt-Norge: 9 %
  • Nord-Norge: 15 %
  • Oslo: 12 %

Les meir under biletet ...

Lillehammer

Lillehammer-OL i 1994 blei ein ellevill folkefest. Det blir gjerne også eit mogleg Oslo-OL i 2022, om bare nasjonen bestemmer seg for å søke.

Foto: Sigurdsøn, Bjørn / SCANPIX

Lang veg fram til OL

Framleis er det lenge igjen til OL-arrangøren for 2022 endeleg er klar. Men allereie om ein månad vil Oslo bystyre behandle saka om Oslo kommune vil gå vidare med ein søknadsprosess.

I juni må eit ekstraordinært idrettsting avgjøre om Oslo-søknaden skal takast vidare.

  • Etter dette må idretten søke om statsgaranti. Det betyr at Regjeringa og Stortinget må gå inn for å garantere at Norge kan gjennomføre arrangementet.
  • Innan 2014 må Norge varsle Den internasjonale olympiske komité (IOC) om at det kjem ein søknad.
  • Sjølve søknaden må vere innlevert i løpet av 2014.
  • I juni 2015 avgjør IOC kven som får OL.

– Forbunda må stå saman

Per Rune Eknes

– Eg er overraska over at «ja»-sida ikkje var større, seier svømmepresident Per Rune Eknes.

Foto: Thomassen, Christian / Scanpix
Svein Arne Hansen

– Hadde tala vore motsett ville det ha svekka arbeidet med søknaden, seier friidrettspresident Svein Arne Hansen til NRK.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / Scanpix
Tore Bøygard

President i skiskyttarforbundet, Tore Bøygard.

Foto: Solum, Stian Lysberg / SCANPIX

Heiberg, som allereie har påpeikt at godt over halvparten av folket bør støtte OL-søknaden, understrekar at det også er viktig at alle idrettsforbunda står samla i prosessen.

– Om sommaridrettane og vinteridrettane står saman trur eg mykje er vunne, seier Heiberg.

Men førebels er heller ikkje alle forbunda på «ja»-sida. Svømmeforbundet og president Per Rune Eknes står enno på at Norge ikkje bør søke om eit OL i 2022.

Dette fordi det enno ikkje er klarlagt nokon god økonomisk plan for OL-søknaden, meiner han.

– Generelt sett har vi råd til eit OL, men dersom dette skal løysast innanfor idrettens finansiering er vi imot. Det ligg ikkje middel til eit OL, slik idretten er finansiert i dag.

Presidenten er bekymra for at sommaridrettane vil hamne i bakevja i åra før og etter 2022. Dette ved at idrettar som svømming ikkje får tildelt tilstrekkelege middel.

Også Eknes rynkar på nasen over tala frå Norstat.

– Eg er overraska over at «ja»-sida ikkje var større, seier han.

– Desse tala viser jo at vi ikkje er dei einaste skeptikarane her, legg Eknes til.

– Verre om fleirtalet hadde vore imot

Ein sommaridrett som står på motsett side er friidrettsforbundet. Her synst presidenten at OL-entusiasmen er god nok på dette tidspunktet.

– Dette var jo veldig oppløftande tal, seier Svein Arne Hansen.

– Ein veit jo at ei stor del av befolkninga ikkje er interessert i vinteridrett i det heile. Hadde ein spurt dei som var interessert, ville nok fleire enn halvparten ønska eit OL, legg han til.

Presidenten i skiskyttarforbundet, Tore Bøygard, trur årsaka til den noko lunkne optimismen er uvisse i store delar av befolkninga.

– Eg trur ikkje folk har brukt mykje tankeverksemd når dei har svara på spørsmålet rundt ein slik søknad. Haldninga er noko avventande, men eg trur det vil bikke over i ein meir positiv retning etter kvart, seier Bøygard.

Hansen i friidrettsforbundet påpeiker at det ville sett mykje verre ut om fleirtalet var negativt innstilt til ein OL-søknad.

– Hadde tala vore motsett ville det ha svekka arbeidet med søknaden, avsluttar han til NRK.

Siste nytt

  • Storhamar knuste Vålerenga

    Storhamar var klart best og vant den tredje kampen 4-1 i NM-finaleserien mot Vålerenga.

    Laget fra Hamar leder nå 2–1 i kamper, og mangler to seire på å sikre seg kongepokalen.

    Storhamars Sverre Rønningen ble kampens store spiller med to mål for vertene.

    NM-sluttspillet ishockey menn, finale 1. kamp (best av 7), Storhamar -Vålerenga (5-1)
    Foto: Lise Åserud / NTB
  • Norsk hockey-tap i Ungarn

    Norge tapte 1–2 mot Ungarn i en privatlandskamp i ishockey fredag kveld.

    Viktor Granholm scoret Norges mål i overtall i det som NTB omtaler som en kamp som «ikke vil bli husket lenge».

    Norge møter Ungarn til ny kamp lørdag.

    Ishockey, treningskamp: Norge-Frankrike (3-4)
    Foto: Alf Simensen / NTB
  • Lyn vant etter kjempetabbe

    Lyn tok sesongens første seier da LSK Kvinner ble slått 1–0 i Toppserien fredag kveld.

    Kampens eneste scoring kom etter en fæl tabbe fra LSKs forsvarsspiller Camilla Huseby. Hun spilte ballen rett i beina til Lyns Jenny Røsholm Olsen, som vippet ballen over keeper og i mål.

    Lyn står dermed med fire poeng på fire kamper, mens LSK Kvinner står med to seirer og to tap etter fire runder.

    Toppserien i fotball 2024: Portretter av Lyn
    Foto: Fredrik Varfjell / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal