NRK Meny
Normal

Ny bok avslører: Skisporten var ei hårsbreidd frå å bli kasta ut av Oslo-OL

Så seint som eit halvt år før vinter-OL i Oslo i 1952 såg det ut til at leikane skulle gå utan skiøvingane. Motsetningane mellom «IOC-pampane» og det fram til då norsk-leia FIS hadde nådd eit klimaks.

Olympiske leker i Oslo i 1952

Dette biletet var det berre så vidt verda fekk sjå. Så seint som eit halvt år før OL i Oslo i 1952 var det mykje som tydde på at OL skulle gå utan skiøvingar

Foto: Aktuell / Scanpix

Det kjem fram i Halvor Kleppens bok «De kalde lekene» som kjem ut i dag. Der går det fram at om ikkje Nikolai Ramm Østgaard hadde gått av som FIS-president i 1951, hadde truleg også Oslo-OL året etter gått utan ski-øvingar.

– Vi veit sjølvsagt ikkje kva som hadde skjedd om Østgaard hadde halde fram som FIS-president. Kanskje hadde dei blitt samde i siste liten, men mykje tyder på at det kunne gått mot brot, seier Kleppen til NRK.

Østgaard var derfor i gang med planer for eit ski-VM i Oslo, parallelt med OL i 1952.

Halvor Kleppen

Halvor Kleppen har jobba i sju år med å grave fram historiene om konfliktene mellom mskisporten og IOC

Foto: Akilles Forlag

Kleppen har saumfart IOC-arkiv og fleire andre arkiv i sju år for å skrive denne boka. Der har han funne mykje nytt, ikkje minst i striden mellom FIS og IOC – ein strid som har eksistert sidan tidleg på 1900-talet.

Krangel om amatørreglementet

Det var tolkninga av amatørreglementet som sette det heile på spissen framfor OL i Oslo. FIS, der Østgaard hadde vore president sidan 1934, hadde eit langt meir liberalt amatørreglement enn IOC – konkretisert ved spørsmålet om alpine skiinstrutørar tilknytta dei mange hotella og skidestinasjonar i Alpane – skulle reknast som amatørar.

Østgaard stod hardt på at dersom FIS og dei nasjonale skiforbunda skulle sende løparar til OL, måtte det vere på FIS sine eigne vilkår.

– Når det gjeld OL i 1952, har vi enno ikkje blitt samde om FIS-deltaing, skreiv Østgaard i programmet for ski-VM i Lake Placid i 1950.

IOC var om mogeleg endå meir knallharde.

– Dersom vi ikkje kan halde dei (vinterleikane, journ. merk.) heilt reine og med ærleg amatørar, kan det hende det er like godt å avlyse dei permanent, skreiv IOC-president Sigfrid Edström og visepresident Avery Brundage.

Norsk kompromiss-forslag

Nikloai Ramm Østgaard

FIS' mektige generalskeretær gjennom 17 år, Nikolai Ramm Østgaard

Foto: Privat

Dei to norske IOC-representantane Olav Christian Ditlev-Simonsen og Thomas Fearnley var på det tidspunkt livredde for konsekvensane for Oslo-OL, og leitte med lys og lykte etter kompromiss. Ditlev-Simonsen var også leiar i organisasjonskomiteen for Oslo-OL – eit arrangement han meinte ville bety uendeleg mykje for den norske hovudstaden så kort tid etter krigen.

Forslaget deira gjekk ut på at kvar enkelt internasjonal idrettsorganisasjon skulle få fastsetje sitt eige reglement, også definisjonen av amatør.

Men det vann ikkje fram. Brundage – som skulle bli IOC-president i 1952 og sitje i 20 år – gjekk hardt imot.

«Stop, Look and Listen»

Han frykta at idrettsorganisasjonale lettare let seg manipulere av styresmaktene, og meinte at den einaste måten den olympiske idé kunne overleve på, var å styre idretten etter felles reglar. Det vil seie IOC-reglar.

– Om vi fråfell desse reglane, vil det vere dødsstøyten for dei olympiske leikane, sa han i sitt seinare så kjende foredrag «Stop, Look and Listen».

Framlegget frå Ditlev-Simonsen og Fearnley vart nedstemt med stort fleirtal. Utsiktene for Oslo-OL såg svært mørke ut.

Men på FIS-kongressen året etter, i 1951, valde Nikolai Ramm Østgaard å gå av. Ikkje på grunn av konflikter, men han meinte at nok var nok. 65-åringen hadde vore FIS-president sidan 1934.

Redda seks månader før opninga

Inn kom den sveitsiske advokaten Marc Hodler. Noko av det første han gjorde, var å sende eit nytt kompromissforslag til IOC – eitt som låg mykje nærmare IOCs primære standpunkt. Skilærarane fekk lov til å delta, men berre på strenge vilkår. Dette sa Brundage og IOC ja til.

Skiidretten i vinter-OL var berga 5. august 1951, berre seks månader før opningsseremonien i Oslo-OL.

– Dersom Nikolai Ramm Ødegaard framleis hadde vore president i FIS, er det svært usikkert om ski hadde stått på programmet i Oslo-OL, seier Halvor Kleppen.

Han rosar Østgaard for hans leiing av FIS i dei 17 åra.

– For meg er han helten i denne historia. Han oppnådde stor respekt i heile skiverda. Og i tillegg til å vere FIS-president, var han også adjutant ved Slottet i mange år, og var med kongefamilien då dei rømde i 1940, fortel Kleppen.

Endå tøffare i 30-åra

Men historia om skisporten i OL var kanskje sett endå meir på spissen i slutten av 30-åra enn framfor Oslo-OL i 1952.

Under FIS-kongressen i Helsinki i 1938, også då med Østgaard som president, og også då med amatør-definisjonen som eit sentralt punkt, sette FIS foten ned overfor IOC.

Fleire mellomeuropeiske nasjonar hadde halde seg borte frå dei første vinterleikane med alpine øvingar, i Garmisch-Partenkirchen i 1936. Årsaka var dei strenge IOC-amatørreglane som ikkje tillet skilærarar å delta.

Kabinettspørsmål

Østgaard var fast bestemt på at FIS-definisjonen skulle gjelde, og han stilte nærmast kabinettspørsmål.

– Etter FIS' amatørreglement er skilærarar lovlege medlemer i FIS. Om Fis skal delta i OL, er det svært viktig at alle FIS-medlemer får lov å delta. Vi kan ikkje ekskludere ein spesiell kategori av medleme våre frå ein spesiell internasjona konkurranse, sa Østgaard i talen sin på engelsk.

– Vi må akseptere det faktum at i OL er det mange deltakarar med lengt meir tvilsam amatørstatus enn skilærarar, sa Østgaard, som ikkje ville fire ein tomme på FIS-kravet, og trua med å gå av om han lei nederlag.

Vedtok OL utan ski

FIS-kongress 1938

Her stilte Nikolai Ramm Ødegaard kabinettspørsmål, og trua med å gå av om ikkje IOC gav etter

Foto: FIS

Det gjorde han ikkje. Kongressen vedtok med 9 mot 6 røyster å krevje at FIS-reglane skulle gjelde.

Tre veker seinare hadde IOC sin kongress, og vedtok å gjennomføre OL i Sapporo i 1940 som planlagt, men utan ein einaste skidisiplin.

Oslo hadde vore utpeika som reservekandidat til 1940-OL, ettersom Japan allereie var i krig, og det drog opp til ei endå større verdsomspennande konflikt. Men då Japan trekte seg i juli same år, var det St. Moritz som fekk tilbod om å overta.

Alpin-VM på Gaustatoppen

Rjukan

Her frå Gaustatoppen og ned skulle alpin-VM gått i 1940

Foto: Ukjent

FIS hadde no kutta alle band til IOC, og la fram planer om VM i Oslo og Rjukan i februar 1940. Alpinøvingane skulle gå ned frå Gaustatoppen, resten av øvingane skulle gå i Oslo.

Av naturlege grunnar vart både OL og VM avlyst. Men ikkje før Oslo hadde fått tilbod om å søkje om vinter-OL 1944...

– Det einaste som var att av VM-planene for 1940, var fanfaren. Den vart resirkulert og brukt i 1952, seier Halvor Kleppen.

Siste nytt

Sendeplan

Kl. Program Kanal
4-4-2 Eliteserien fotball: Tromsø - Odd
4-4-2 NM fotball: Semifinale Molde - Lillestrøm
4-4-2 NM fotball: Semifinale Molde - Lillestrøm
Cupen: Semifinale, Molde - Lillestrøm
Semifinale i cupen, menn
4-4-2 NM fotball: Semifinale Molde - Lillestrøm
4-4-2 NM fotball: Semifinale Molde - Lillestrøm
Etter Kamp
4-4-2 NM fotball: Semifinale Molde - Lillestrøm
4-4-2 NM fotball: Semifinale Molde - Lillestrøm