Hopp til innhold

Ørkenvandringa kan vere over: – Vi ser litt av det gamle, gode Leeds

Den gamle storklubben kan rykke opp i Premier League torsdag, 16 år etter at alt gjekk gale.

Eirik Bakke, Leeds

JUBELEN: Eirik Bakke vil ikkje juble for tidleg, men kryssar alt han har av fingrar for opprykk for klubben han spela seks sesongar for. Her jublar han etter å ha scora mot Liverpool

Foto: Simon Bellis / Reuters

– Eg spretter ikkje champagnen enno, før alt er i boks. Men det ser veldig bra ut no, seier den tidlegare Leeds-spelaren Eirik Bakke.

Han er minst like spent som alle andre Leeds-fans før kampen mot Barnsley. Det er langt meir enn eit prestisjefylt lokalderby i Yorkshire.

Det gjeld det den tradisjonelle storklubben har venta på i 16 år: Ein plass i Premier League.

Eirik Bakke

PÅ TOPPEN: Eirik Bakke jublar etter at Leeds har slått Deportivo La Coruña og gått til semifinalen i meisterligaen i 2001

Foto: Miguel Vidal / Reuters

Skulle det gleppe torsdag, er det ny matchball mot Derby søndag. Eller Charlton neste onsdag. Det ser lyst ut for Bakkes gamle klubb, der han var med frå europeisk topp og utfor rutsjebana nedover mot fotballmørkret.

Europeiske semifinalar

Bakke spela for Leeds United i seks år. Han kom til klubben i 1999, frå vesle Sogndal og til ein av dei største klubbane i Premier League.

– Det var ein svær klubb å kome til, fortel Bakke. Der fekk han med seg semifinale i UEFA-cupen i 2000 og semifinale i meisterligaen året etter.

Men det skulle ikkje vare. Leeds satsa over evne, og i 2001 kom dei ikkje høgt nok i ligaen til å kvalifisere seg for meisterligaen.

– Vi hamna eitt poeng bak Liverpool og meisterligaplass, minnest Bakke.

Dermed blei ikkje inntektene store nok til å forsvare satsinga. Nedturen tok til og blei til ein vond spiral det skulle gå lenge før klubben kom seg ut av.

Administrasjon, minuspoeng og nivå 3

Nye eigarar og dårleg økonomisk og sportsleg styring følgde. Bakke blei med då laget rykka ned i Championship i 2004.

I 2006 reiste han heim igjen til Norge. Derfrå såg han sin gamle klubb falle heilt ned på nivå 3, der dei måtte starte med 15 minuspoeng etter å ha blitt sett under økonomisk administrasjon.

Marcelo Bielsa

REDNINGSMANN: Marcelo Bielsa er manageren som ser ut til å ta Leeds tilbake til Premier League

Foto: Peter Cziborra / Reuters

Sidan har det gått sakte, men sikkert oppover igjen. I fjor snubla dei i kvalifiseringa til Premier League. I år ser det ut til at det går heile vegen under leiing av manager Marcelo Bielsa.

– Vi ser litt av det gamle gode Leeds no. Og klubben har eit stort potensial, ikkje minst med den store supporterskaren dei har, seier Eirik Bakke.

Stor norsk supporterklubb

Også i Norge er det mange Leeds-tilhengarar som held pusten i desse dagar. Den norske supporterklubben har 5552 registrerte medlemmer. Det gjer dei til ein av dei aller største i landet, bak Liverpool og Manchester United. Dei er nesten jamstore med supporterklubbane til Arsenal og Tottenham, og mykje større enn lag som Manchester City og Chelsea.

– Ei vesentleg årsak til det er nok tippekampane på 70-talet då Leeds gjorde det veldig godt, seier supporterleiar Anders Palm.

Dei har vore lojale Leeds-supporterar heile tida etterpå, og derfor er mange av dei i 50–60 åra.

– Men ligameisterskapet i 1992 og dei gode sesongane rundt årtusenskiftet har også gitt bra rekruttering av yngre medlemmer, seier han.

Gunnar Halle, Leeds, og Dominic Mateo, Liverpool

WE'LL MEET AGAIN: Leeds og Liverpool har hatt mange tøffe tak opp gjennom åra. Her er det Gunnar Halle som ryddar opp framfor Liverpools Dominic Mateo i 1997

Foto: Dan Chung / Reuters

Topplaga ønskjer Leeds tilbake

Palm trur også dei andre laga i Premier League ønskjer Leeds tilbake.

– Eg har vener som er tilhengarar av Liverpool, Manchester-klubbane og andre topplag, og dei ser også fram til å møte Leeds igjen, seier han.

Men som Eirik Bakke vil han ikkje sleppe gleda heilt laus enno. Leeds har altfor ofte snubla mot slutten av sesongen. Seinast i fjor låg dei lenge an til direkte opprykk, men enda på tredjeplass og blei slått i omspelet.

– Men det ser bra ut no, seier han.

Må bruke ressursane rett

Eirik Bakke meiner Leeds har potensial til å greie seg bra i Premier League om det blir opprykk, men ser også farane.

– Det gjeld å bruke ressursane på rett måte. Sjå på Aston Villa, dei rykka opp i fjor og har brukt store pengar. Men dei kan vere i ferd med å gå rett ned igjen. Det er umåteleg tøft i Premier League, seier Bakke.

Med bakgrunn i seks år i klubben og byen har han framleis tette band og gode vener der. Og han gler seg stort til det som no ser ut som eit sannsynleg opprykk etter 16 år ute av det gode selskap.

– Det skal bli godt å få klubbar som Manchester United og Liverpool på besøk igjen.

Laster innhold, vennligst vent..

Siste nytt

  • Storhamar knuste Vålerenga

    Storhamar var klart best og vant den tredje kampen 4-1 i NM-finaleserien mot Vålerenga.

    Laget fra Hamar leder nå 2–1 i kamper, og mangler to seire på å sikre seg kongepokalen.

    Storhamars Sverre Rønningen ble kampens store spiller med to mål for vertene.

    NM-sluttspillet ishockey menn, finale 1. kamp (best av 7), Storhamar -Vålerenga (5-1)
    Foto: Lise Åserud / NTB
  • Norsk hockey-tap i Ungarn

    Norge tapte 1–2 mot Ungarn i en privatlandskamp i ishockey fredag kveld.

    Viktor Granholm scoret Norges mål i overtall i det som NTB omtaler som en kamp som «ikke vil bli husket lenge».

    Norge møter Ungarn til ny kamp lørdag.

    Ishockey, treningskamp: Norge-Frankrike (3-4)
    Foto: Alf Simensen / NTB
  • Lyn vant etter kjempetabbe

    Lyn tok sesongens første seier da LSK Kvinner ble slått 1–0 i Toppserien fredag kveld.

    Kampens eneste scoring kom etter en fæl tabbe fra LSKs forsvarsspiller Camilla Huseby. Hun spilte ballen rett i beina til Lyns Jenny Røsholm Olsen, som vippet ballen over keeper og i mål.

    Lyn står dermed med fire poeng på fire kamper, mens LSK Kvinner står med to seirer og to tap etter fire runder.

    Toppserien i fotball 2024: Portretter av Lyn
    Foto: Fredrik Varfjell / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal