Opseth tredje best i kvaliken

Silje Opseth hadde det tredje beste hoppet i kvalifiseringen til fredagens verdenscup for kvinner i Russland.

Silje Opseth landet på 92 meter og hadde bare østerrikske Marita Kramer 98,5 meter og verdenscupleder Nika Kriznar 89 meter foran seg.

I kvalifiseringen fikk Thea Minyan Bjørseth 80,5 meter og var heller ikke blant de lengste. Anna Odine Strøm hadde svært vanskelige forhold, men klarte å kvalifisere seg med 74,5 meter. Bjørseth ble nummer 22 og Strøm nummer 31.

Frida Berger landet på 70,5 meter i kvalifiseringen. Det holdt ikke til å komme blant de 40 beste. Hun skal likevel være med i lørdagens lagkonkurranse ettersom Norge bare stiller med fire hoppere i verdenscupavslutningen.

Silje Opseth
Foto: Terje Pedersen / NTB

Siste nytt

  • Real leier etter Clasico-siger

    Real Madrid er på topp i La Liga etter 2-1 i gigantmøtet mot Barcelona i ruskeveret i Madrid laurdag kveld. Det var Barcelonas første tap sidan 5. desember, og sidan nyttår har dei 13 sigrar og ein uavgjort. Fram tiol i kveld.

    Karim Benzema og Toni Kroos gav Real 2-0 før det var gått ein halv time. Oscar Mingueza reduserte med ein halv time igjen.

    Barcelona pressa hardt og hadde store sjansar mot slutten, men makta aldri målet som hadde sendt dei til topps. Ilaix Moriba skaut i tverrliggaren med siste spark i kampen.

    Thibaut Courtois i Reals mål leverte fleire strålande redningar.

    Reals Casimiro blei utvist heilt på slutten etter to gule kort på eitt minutt.

    Real har dermed slått Barcelona i begge El Clasico-oppgjera denne sesongen. Dei leier på innbyrdes oppgjer mot Atletico og eitt poeng framfor Barcelona. Atletico skal møte Real Betis søndag.

    Real Madrid
    Foto: Manu Fernandez / AP
  • Sensasjonell norsk vektløftarbronse

    Solfrid Koanda (22) tok ein sensasjonell norsk bronse i vektløfting i EM i Moskva i 87 kg-klassen laurdag. Ho løfta 135 kilo i støt, det er norsk rekord. Ho har sjølv gjort det på trening tidlegare.

    – Det er det største eg har opplevd, seier Koanda til NRK. Ho har drive med vektløfting berre i eit drygt år. EM var det første internasjonale stemnet ho var med på.

    – Eg blei oppfordra til å delta på NM, og der såg dei at eg hadde talent. Det blei norsk rekord. Så har det gått betre og betre, det har vore ei fantastisk reise, seier Arendals-jenta.

    – Eg kjende meg veldig sterk då eg stod der, og var veldig stolt.

    Stolt er også trenar Stian Grimseth.

    – Ein ting er å ha talent. Men å greie å ta det ut slik ho gjorde i dag, er fantastisk, seier han.

    – Dette er ikkje noko blaff. Ho har mykje å gå på teknisk, og kan utvikle seg mykje. Ho er eit unikt talent.

    OL i Tokyo kjem kanskje litt tidleg, men OL i Paris om tre år er eit naturleg mål, seier han.

    – Dette er veldig stort, seier generalsekretær Arne Grostad i vektløftarforbundet til NRK.

    I rykk løfta ho 100 kilo og blei nummer fem. Smanlagt er det 26 kilo over den tidlegare norske rekorden.

    – Med så kort fartstid som vektløftar gir dette håp om endå betre prestasjonar framover, skriv forbundet på si nettside.

    Solfrid Koanda
    Foto: YURI KOCHETKOV / EPA
  • Zlatan «svært nær» ny kontrakt

    – Berre detaljar står att før Zlatan Ibrahimovic signerer ny kontrakt med Milan, seier klubbdirektør Paolo Maldini.

    Svensken, som fyller 40 i oktober, har kontrakt ut sesongen, men med opsjon på forlenging til sommaren 2022. Det er denne opsjonen som no treuleg blir ein realitet.

    Han får hovudæra for å ha gjort Milan til ein tittelkandidat sidan han kom tilbake til klubben i januar i fjor. Han er toppscorar med 15 mål på dei 16 kampane han har spela denne sesongen.

    Men i kveldens kamp mot Parma fekk han raudt kort etter ein times spel, for kommentarar mot dommaren.

    Milan har ikkje vunne Serie A sidan 2011, då også med Ibrahimovic på laget.

    Milan er nummer to på tabellen, 11 poeng bak byrival Inter før dagens runde.

    Zlatan Ibrahimovic
    Foto: Alessandro Garofalo / Reuters

Sendeplan

Kl. Program Kanal