Elvagjeng er den einaste som både var i helsepersonellet då Carl-Erik Torp og Emil Pálsson fekk hjartestans på Sogndal Fotball si heimebane, med ti års mellomrom.
Slike hendingar er ikkje normal kost.
– Å oppleve det to gonger er veldig spesielt. Det er sikkert ein eller anna rekord som ingen andre slår, og eg håpar min ikkje blir større. Dette er ikkje noko vi har lyst til å vere med på, seier Elvagjeng til NRK.
Redningskvinna
Sogndalskvinna er eigentleg utdanna sosionom og jobbar til dagleg med fosterborn, men har alltid hatt interesse for førstehjelp og frivillig arbeid.
Ho var berre 17 år då ho meldte seg inn i hjelpekorpset, men det var ikkje før ho var nærare 45 år at ho verkeleg fekk sett kunnskapen på prøve.
Noverande NRK-ekspert Carl Erik Torp fekk eit anfall i eliteseriekampen mellom Brann og Sogndal, og deretter hjartestans då han låg på båra på veg inn i spelartunnelen.
Etter hendinga blei Elvagjeng skildra som ei redningskvinne. Ho var den som prata med Torp, roa han ned, gav han omsorg og haldt han i handa.
Då Torp kom ut frå sjukehuset, hugsa han ho, og han deretter takka ho for at ho var der for han då hendinga skjedde.
Det blei eit sterkt møte:
På Brann Stadion møtte Carl-Erik Torp redningskvinna si igjen.
Vanlegvis som frivillig i hjelpekorpset, gå jobben ut på å bandasjere brekte bein og hente folk som hadde øydelagd seg i fjellet. Elvagjeng såg aldri føre seg at ho skulle redde eit liv på fotballbana.
– Då eg kom heim frå den kampen, hugsa eg at eg fekk ein rar kjensle i kroppen. Kva var det eg nettopp hadde vore med på? Eg trudde eg aldri skulle oppleve hjartestans, seier ho.
Elvagjeng tenkte mykje på korleis det hadde vore om ho og resten av helseteamet ikkje klarte å redde Torp, og på korleis det då ville vore å vende tilbake på kamp.
Heldigvis slapp ho med skrekken.
– Det var ei kjempelette. Ofte tenkjer ein på korleis det hadde vore om det ikkje gjekk bra. Ein føler seg heldig som får vere med å få liv i dei att. Det gir ei god kjensle, seier ho, som deretter trudde det blei med den eine gongen.
Carl-Erik Torp sitt hjarte stoppa under kampen mot Sogndal på Fosshaugane stadion 25. september 2011.
Vanskelegare denne gongen
For to veker sidan skulle Elvagjeng oppleve det igjen, på same stadion. Det skjedde mot alle odds.
Ho var den einaste som òg var i teamet for ti år sidan. Sjølv om omgivnadane var dei same, tykte ho denne hendinga var vanskelegare å handtere.
Islendingen Emil Pálsson falt om på bana i det tolvte minutt, og det tok berre sekund før hjelpekorpset og ambulansen var hjå han og starta hjarte- og lungeredning.
RASKT PÅ STADEN: Helsepersonell gir Emil Pálsson førstehjelp.
Foto: Ola Weel SkramI motsetnad til Torp, tok det lang tid før hjelpekorpset fekk informasjon om korleis det gjekk med islendingen.
– Vi fekk ikkje kontakt med han. Vi visste at hjartet slo og at han pusta sjølv, men ikkje noko meir, seier ho.
Pálsson har sjølv fortald at han ikkje vakna før 45 minuttar før familien kom til Haukeland. Det var dagen etter hjartestansen.
– Eg gjekk med ein ekkel klump i magen, heilt fram til pressekonferansen der det kom fram at alt hadde gått bra. Det gjekk over ein halvtime før helikopteret letta, og då blir ein bekymra. Då tenkjer ein mykje, seier ho og held fram:
– Vi har ikkje rett på å få vite noko meir enn andre, og det kan vera litt vanskeleg, seier ho.
Heldigvis gjekk det bra denne gongen også, og det kan Elvagjeng prise seg lykkeleg for.
– Eg trur nok det hadde vore utruleg vanskeleg å vende tilbake på hjelpekorps-benken om vi ikkje hadde lykkast med å gjenopplive han. Heldigvis slepp vi å tenkje på det, og det blei ei enorm lette då vi fekk vite at det gjekk bra med han, seier ho.
KLEM: Ingeborg Elvagjeng og Emil Pálsson møtest att, på same stad som fotballspelaren fekk hjartestans.
Foto: Håvard NesbøMå ta lærdom
Sjølv tykkjer Elvagjeng det nærast er litt flautt å bli framheva som redningskvinne. Ho understrekar at ho aldri kunne gjort det aleine.
– Det er noko eg har tenkt mykje på i det siste. Samarbeidet mellom hjelpekorpset, legane og ambulansen fungerte så godt. Det gir ein tryggleik i å vite at eg har så flinke og trygge kollegaer rundt meg, seier ho.
– Korleis vil dette prege deg i jobben vidare?
– Ein kan ikkje gå rundt og tenkje at det kan skje fleire gonger. Eg har vore heldig som har vore med to gonger der det har gått bra, men eg hadde nok vore meir prega om det ikkje hadde gått bra, seier ho.
MERKSEMD: Helsepersonellet fekk blomar av Emil Pálsson som takk for den raske hjelpa han tok imot.
Foto: Christian Blom / NTBHo meiner det på mange måtar er hell i uhell at dette skjedde på same stadion, og det har også Pálsson sagt. Elvagjeng meiner at Sogndal Fotball har lærd av historia.
– Det at vi har vore gjennom det før er ikkje noko negativt. Vi er alltid klare viss det skjer noko, og det tenkjer eg Sogndal Fotball lærde mykje av førre gong.
Men uansett om klubben har fått erfaring på hjartestans, meiner Elvagjeng at dette er noko alle bør kunne.
– Alle bør kunne hjarte- og lungeredning. Det er viktig. Alle kan redde liv viss dei kan dette, avsluttar ho.