San Marino har bare vunne ein av 145 landskampar, men det betyr openbart ikkje at Lars Lagerbäck er villeg til å gå med på at neste motstandar er av den mest avslappande sorten.
På første pressekonferanse før torsdagens kamp fekk han dette spørsmålet av ein journalist:
– Du har vore landslagssjef meir eller mindre sidan siste istid. Finst det nokon risiko for at dette kan gå feil, eller skal vi vere så ærlege og seie at dette er ein ferie?
– Her var det mange komplimenter. At eg er såpass gammal at eg stammar frå istida. Og at eg ser på dette som ein ferie... Meiner du at eg skal svare på det spørsmålet, eller?, seier Lagerbäck og ristar oppgitt på hovudet.
– Trur du eg kjem hit og ser på dette som ferie? Meiner du det?, legg han til.
– Det var sagt med litt glimt i auget...
– A-ha. Den med istida forstår eg, men det med ferie forstår eg ikkje. Det må jo vere noko alvor i det spørsmålet, svarer Lagerbäck.
– San Marino har bare vunne ein av 145. Kva for ein risiko ligg det i å møte ein sånn motstandar?
– Ein har alltid ein sjans for å vinne i fotball. Risikoen finst alltid. Men eg blir veldig overraska om vi ikkje vinn kampen på torsdag, seier Lagerbäck.
Svarte på Ødegaard-kritikken
Landslagssjefen møter San Marino utan Herenveens Martin Ødegaard på laget. Vrakinga av Ødegaard har skapt reaksjonar.
Landslagssjefen forklarte vrakinga med at unggutten fekk to fulle kampar mot god motstand på U-21 landslaget.
– Eg har aldri sagt at han treng fleire 90-minutterskampar. Eg har bare gjort bedømminga om at det er bra at han får spele mykje med U21-landslaget og viser at han kan vinne med U21-landslaget, seier landslagssjefen.
Derfor stengte landslagssjefen treninga
Før han møtte til pressetreff stengte Lagerbäck mediene ute frå landslagstreninga, og fekk kritikk frå NRKs ekspert Tom Nordlie.
Landslagssjefen meiner han har ei god forklaring.
– Eg får ikkje så mykje ut av å vise fram denne typen trening. Vi speler torsdag etter UEFAs reglement, og 60 prosent av laget spelte kampar i går. Då kunne vi ikkje trene i dag. Derfor valde vi å ha tre dødballsituasjonar der vi bare går i staden for. Det var ingen trening å sjå i dag, som vi burde vise fram. Vi vil ikkje at folk skal vite korleis vi trener på dødball, seier Lagerbäck.