Hopp til innhold

Opnar opp om einsemd: – Du går rundt og testar stemma, for du snakkar aldri med nokon lenger

Mange trudde at Vetle Sjåstad Christiansen skulle få sitt definitive gjennombrot førre sesong, men slik gjekk det ikkje. Skiskyttaren trur ein del av årsaka er at han ikkje har vore mentalt på plass.

Vetle Sjåstad Christiansen

SER FRAMOVER: Skiskyttar Vetle Sjåstad Christiansen er klar på at koronapandemien gjorde det vanskelegare å prestere førre sesong.

Foto: Carina Johansen / NTB

– Du gløymer til slutt korleis det er å oppføre seg rundt andre menneske. Du går rundt og testar stemma, for du snakkar aldri med nokon lenger, fortel Sjåstad Christiansen ærleg.

Han viser oss rundt på Ullerntoppen der han bur.

– Synnøve Solemdal bur jo der, og Erlend Bjøntegaard bur rett der borte. Me skiskyttarar held stand i nabolaget her, seier han og smiler.

Det er ikkje noko pinleg stille når ein møter Vetle. Han er ein sosial type. Derfor har det siste året vore tøft for skiskyttaren.

– Det har vore «jæsklig seigt»

Ein må ofre mykje som toppidrettsutøvar. Det blir mindre tid til dei ein er glad i, men for Sjåstad Christiansen nådde det ei grense i sesongen som var.

– Til vanleg går det greitt. Me er vande med å vere mykje borte. Det er noko me godtar når me får lov til å halde på med det me elskar, men i år har det vore ekstra spesielt med omtrent ti dagar i karantene både i forkant og i etterkant, under tvang, av utanlandsopphald, fortel han.

Skiskytterne på teams-middag

FACETIME-MIDDAG: Herrelandslaget åt middag på kvart sitt rom laurdag kveld, men heldt kvarandre med selskap gjennom videotenesta FaceTime.

Foto: Vetle Sjåstad Christiansen

Han har rekna seg fram til at i perioden mellom 1. november og 1. april såg han venner og familie totalt i fire-fem dagar.

– Det har vore «jæsklig» seigt, all den karantenen og alt med å reise bort, innrømmer Sjåstad Christiansen.

Sosial stimuli fekk han heller ikkje særleg mykje av på reise med landslaget. Lagkameratane fekk ikkje bu på rom saman, og dei såg nesten ikkje til kvarandre utanom i sjølve renna.

– Me var ganske restriktive på å ikkje bli kvarandres nærkontaktar, så da var det vel 15 minuttar som haldt utan munnbind i matsalen, så det er klart det var seigt mentalt. Det blei ganske mange 100 dagar aleine til slutt.

Fleire slit med søvn

Psykolog Tom Henning Øvrebø gjennomførte nyleg ein studie ved Noregs idrettshøgskole (NIH) av konsekvensane av koronapandemien for toppidrettsutøvarar.

Studien viste at stress, søvnproblem, symptom på depresjon og svekt motivasjon er utbreidd blant utøvarane.

378 toppidrettsutøvarar frå 39 ulike idrettar svarte på undersøkinga, og nesten 40 prosent har hatt søvnvanskar. Samtidig har over 20 prosent hatt symptom på depresjon, og nesten halvparten fortel om negativt stress.

– Nokon spør seg om det er verdt å halde på med idretten når det er så tungt. For enkelte har det også vore tunga på vektskåla for å legge opp, sa Tom Henning Øvrebø då studien blei presentert i mars.

Kan ha bidratt til ein bom ekstra

Han fekk sin første verdscup-siger i 2019. Mange hadde trudd at han skulle ta ytterlegare steg og stabilisere seg enda meir i toppen i sesongen som var, men slik gjekk det ikkje.

Ein merkar når ein er blid og glad, og har eit bra liv utanom idretten, det er klart at det er lettare å gå i kjellaren i dei tjue minuttane ein skal da, seier Sjåstad Christiansen.

Han fortel at han ikkje likar å skylde på andre enn seg sjølv, men han erkjenner at det har vore tøft mentalt, og i ein idrett som skiskyting er det små marginar som kan skilje suksess frå fiasko.

Ein skal ikkje sjå bort frå at mangelen på sosial input har bidratt til eit par sekund svakare langrennstider og ein bom ekstra, fortel Sjåstad Christiansen.

Siste nytt

  • Casper Ruud videre i Beijing

    Casper Ruud gikk seirende ut av en tennisduell mot Jan-Lennard Struff. Han vant 1.-rundekampen i ATP 500-turneringen i Beijing.

    Nordmannen gikk videre med sifrene 7-6 (7-5), 6-3. Det siste settet gikk langt raskere unna enn det første.

    Ruud er 7.-seedet i hardcourtturneringen i den kinesiske hovedstaden. Han ligger for øyeblikket på 9.-plass på ATP-rankingen, mens Struff er nummer 23.

    (NTB)

    Casper Ruud gliser etter Europas første seier i årets Laver cup.
    Foto: DARRYL DYCK / AP
  • Kristoffer Vatshaug blir ny Niso-leder

    Kristoffer Vatshaug går fra jobb i Norges Fotballforbund til å bli leder for Norske Idrettsutøveres Sentralorganisasjon.

    Vatshaug erstatter Erlend Hanstveit, som nylig ble statssekretær i Kultur- og likestillingsdepartementet.

    – Jeg kjenner organisasjonen godt fra tidligere, og jeg liker utfordringer. Jeg tror dette kommer til å utfordre meg masse og kan utvikle meg videre, så det kjennes veldig riktig nå. Jeg gleder meg, sier Vatshaug i en uttalelse.

    Han har tidligere vært tillitsvalgt, styremedlem og medlem av forhandlingsutvalget til Niso.

    Niso har 1700 medlemmer fordelt på fotball, håndball, ishockey og individuelle idretter. Vatshaug kommer fra jobben som fagansvarlig for klubbutvikling i NFF.

    (NTB)

    IHsHUfcBvOQ
    Foto: NTB
  • Hardt slag for Manchester United – skadeavbrekk for forsvarsstjerne

    Manchester Uniteds Lisandro Martínez er satt ut av spill med en fotskade for en lengre periode.

    Midtstopperen pådro seg skaden allerede i april, men klubben melder i egne kanaler at den blomstret opp igjen i kampen mot Arsenal tidligere denne måneden.

    Martinez spilte de to påfølgende kampene mot Brighton i Premier League og mot Bayern München i mesterligaen, men nå er det bestemt at han trenger en lengre periode på sidelinjen for å kunne rehabilitere seg.

    Det er ikke bestemt hvilken behandling han trenger for å bli bra igjen. Klubben håper at han er tilbake i spill så snart som mulig.

    Martinez-skaden er et hardt slag for United. Argentineren er en svært viktig brikke for klubben.

    Lisandro martinez
    Foto: Reuters

Sendeplan

Kl. Program Kanal
Sportsvideoer
Spiller nå
Hovland med hole-in-one - bilder med tillatelse fra Viaplay 01:16
Neste