– Ronny (Deila) høyrer heime i Godset, så han har vi plass til. Han kan få vera kva han vil, seier Strømsgodset-trenar, Bjørn Petter Ingebretsen, om å få Deila tilbake til Drammen.
– Så det betyr at du kanskje trer av, slik at han kan få vera trenar igjen?
– Det har vi ikkje snakka om, men ting kan skje, seier Ingebretsen med eit lurt smil, etter gårsdagens 1–0 siger borte mot Stabæk.
Det var i går at Celtics heimeside melde at Ronny Deila er ferdig som Celtic-manager etter årets sesong.
Ikkje overraska
Deila har vore under sterkt press den siste tida, og det toppa seg då laget rauk ut av semifinalen i FA-cupen mot erkerivalen Rangers i helga.
At han no er ferdig i klubben overraska ikkje Godset-trenaren.
– Eg har hatt mykje kontakt med han så det var ikkje overraskande at han no gjer seg. Eg trur og han er litt ferdig med Celtic så det er nok ingen stor greie for han, seier Ingebretsen.
Ronny Deila var hovudtrenar i Godset frå starten av 2008 til han tok over Celtic sommaren 2014. Han fekk med seg eitt cupgull i 2012, sølv i eliteserien i 2012, før det toppa seg med gull i 2013.
– Ronny har ein utruleg standing i klubben og det vi har hatt på gong no over fleire år er det han som har skapt, seier Ingebretsen.
Trur på utlandet først
Men sjølv om Ingebretsen vil ha Deila tilbake til Drammen, trur han ikkje det skjer med det første.
– Eg tviler på at han kjem tilbake no. Han vil nok svinge innom nokre andre land på vegen, seier Ingebretsen.
Sidan han kom til Celtic har Deila fått med seg ein ligatittel og eit cupgull. Årets sesong er ikkje avgjort enno, men laget toppar tabellen med åtte poengs margin ned til Aberdeen.