NRK møter skiskyttarane under eit pressetreff på Blink-festivalen i Sandnes.
– Eg trenar og står i, medan dei andre held på med Tinder og jenter, slår han fast i eit intervju med NRKs Ida Nysæther Rasch.
– Eg har blitt så gammal at eg ikkje let meg påverke av unggutar lenger. Dei får drive på med sitt eige køyr med tinder og damer og det som er. Medan eg er ute og trenar, seier Svendsen og ler.
Johannes Thingnes Bø skvett når han vert konfrontert med Emils påstand.
– Sa han det??? Det er latterleg. Spurde du korleis han møtte Samantha? Det var på Tinder, seier Johannes og bryt nesten saman av latter.
– Det er stein i glashus. Det er steinras i glashus. Han bomma litt med den ballen der, seier Johannes. Som sjølv har fått ny dame.
– Kvar trefte du henne?
– I Trysil i påska. Veldig hyggeleg. Og heldigvis ikkje på Tinder. Eg held ikkje på med slikt, slik som Emil gjer. Han er på fjortisbølga. Eg er nok litt meir mandig, seier yngstebror Bø.
Og ler godt.