Olsson tilbake på landslaget: – Målet er å halde seg frisk

Torgeir Bjørn trur Johan Olsson er ein av få som kan true Martin Johnsrud Sundby neste år. Nå har Olsson blinka seg ut Sundbys spesialdistanse i VM, i comebacket på landslaget.

NORDIC-SKIING/ Sweden's Johan Olsson celebrates winning the men's 15 km free individual race at the Nordic World Ski Championships in Falun

TILBAKE: Etter eit år i langløpsirkuset er Johan Olsson tilbake i verdscupen og på det svenske landslaget i oppkøyra til Lahti-VM neste år.

Foto: KAI PFAFFENBACH / Reuters

Ein kan seie at Johan Olsson er kjent for to ting. Femmilsgullet under VM i Val di Fiemme og sjukdomsperiodar. Lange sjukdomsperiodar.

Det er ei stor utfordring for meg å halde seg frisk. Nå er målet fyrst og fremst å ikkje ha så mykje fråvær som eg har hatt dei siste sesongane, seier Johan Olsson til Sveriges Radio.

– Har funne ei løysing

Johan Olsson takka for seg på det svenske landslaget etter VM-suksessen på heimebane i Falun i fjor. 36-åringen hadde berre gått eitt verdscuprenn før VM, isolert seg frå familien i nesten to månader, men reiste frå Falun med gull, sølv og bronse.

Da han reiste heim til Östersund etter VM trudde han at han var ferdig som skiløpar. I staden blei det satsing på langløp på teamet til Aukland-brørne. Men nok ein sesong har blitt øydelagd av sjukdom og skadar. Olsson har ikkje gått eit einaste skirenn i år.

– Problemet er ikkje at eg har så mange forkjølingar, men at sjukdomsperiodene er så lange som fem-seks veker. Eg har forsøkt å kome til botn i det og meiner eg har funne ei løysing nå.

Derfor er han igjen motivert for å satse i svensk landslagsklede gjennom heile oppkøyringa mot verdscupen og meisterskap.

– Lahti blir så klart viktig, eg kjem aldri til å vere ein utøvar som kan vinne den totale verdscupen. Det å forsvare ytterlagere eit VM-gull er eit stort mål. Eg kjenner eg er utruleg motivert for treningsarbeidet og har mange tankar på korleis eg skal forbetre ting, fortel Olsson.

– Strålande nyheiter

NRKs langrennsekspert, Torgeir Bjørn, meiner comebacket er svært viktig for svensk langrenn.

Det er strålande nyheiter for svensk langrenn. Olsson har vore den beste svenske herreløparen dei tre siste meisterskapa og har ein eigen evne til å prikke inn forma. Det verkar som om han fått tilbake gløden, seier Bjørn som har håpa å sjå Olsson tilbake i verdscupen.

I VM i Lahti er han tittelforsvarar på favorittdistansen 15 kilometer klassisk og har dermed friplass.

– Det er den distansen som har vore mi sterkaste dei siste ti åra. Det er enorm konkurranse der og utruleg mange som kan vinne, men det er den dagen eg vil ha alt fokus på, seier Olsson som ikkje trur han kan kjempe om gullet på femmila som neste år går i skøyting.

Torgeir Bjørn trur 36-åringen framleis kan kjempe om medaljar.

– Han er ein av få som kan utfordre Martin Johnsrud Sundby på 15 kilometer.

Siste nytt

  • Napoli videre i Mesterligaen

    Napoli slår følge med Liverpool videre fra gruppe E i Mesterligaen. Italienerne slo Genk med 4-0 etter hattrick av Milik før pause. Genks keeper Maarten Vandevoordt ble den yngste målvakten i en Mesterligakamp noensinne ,17 år og 287 dager gammel.

    Champions League - Group E - Napoli v Genk
    Foto: Ciro De Luca / Reuters
  • Norsk keeper til Allsvenskan

    Den norske keeperen Mathias Dyngeland melder overgang fra Sogndal til svenske Elfsborg. Han har skrevet under på en kontrakt som strekker seg ut 2023. 24-åringen har vært Sogndals førstekeeper siden han debuterte i Eliteserien i 2014.

    Eliteserien i fotball 2017: Lillestrøm - Sogndal
    Foto: Fredrik Hagen / NTB scanpix
  • Deschamps «tar ein Lagerbäck»

    Den franske landslagssjefen Didier Deschamps (51) gjer som Lars Lagerbäck forlenga kontrakten til VM i 2022, opplyser nyheitsbyrået AFP.

    Han har leia laget sidan 2012, og førte Frankrike til VM-gull i 2018. Som spelar og kaptein leia han landet til VM-gull på heimebane i 1998.

    Den nye kontrakten vil gjere Deschamps til den som har site lengst som fransk landslagssjef nokosinne.

    deschamps
    Foto: Gabriel Bouys / AFP

Sendeplan

Kl. Program Kanal