– Det er veldig rart. Eg blir skuffa, seier OL-vinnar Sebastian Samuelsson, som får støtte av den norske skiskyttartoppen Tore Bøygard:
– Dette vitnar om at Russland ikkje tar ansvar for det dei har gjort, seier Bøygard.
Begge meiner at Russland no forsøker å sabotere eit strengt forbod.
Som følger av den russiske dopingskandalen er Russland degradert som nasjon i Det internasjonale skiskyttarforbundet (IBU). Det betyr at dei ikkje får lov til å ha sentrale maktposisjonar i IBU dei neste fire åra.
Fryktar skjult kamp for russiske interesser
Likevel stiller russiske Viktor Maigurov til gjenvalg som IBU-visepresident. Han har representert Russland dei fire siste åra. På neste kongress representerer han Kviterussland.
– Dette er jo ingen straff for russarane i det heile tatt. Eg er overbevist om at Maigurov vil jobbe for russiske interesser også i neste periode. Det har han jo gjort dei fire siste åra, seier Samuelsson.
Bøygard stiller også som kandidat til ein plass i styret ved neste valg, men håpar ikkje å bli kollega med Maigurov.
– Det spelet som foregår no er at Maigurov skal inn bakvegen frå Russland via Kviterussland. Her har dei mista gangsynet totalt. Russland har ikkje skjønt kva ansvar det sittande styret har med å gjenvinne tillit i skiskyttarsporten, seier Bøygard.
– Å byte land for å halde på makta har eg ingen forståing for, legg han til.
Avviser at han vil jobbe for Russland
Maigurov vil ikkje kommentere kritikken frå Samuelsson og Bøygard, men påpeiker at han har hatt statsborgarskap i Kviterussland sidan 1992.
Den russiske idrettstoppen kjem frå Khanty-Mansiysk i Sibir, men representerte kviterussland som skiskyttar på 90-talet.
Seinare gjekk han for Russland og tok OL-bronse i 2002.
Han tilbakeviser at han vil jobbe for russiske interesser om han igjen får vervet som visepresident i IBU.
– Medlemar av IBUs styre representerer ikkje interessene til eitt enkelt land. Vi jobbar alle for utviklinga til skiskyting, seier Maigurov til NRK.
Tynnslitt IBU-tillit
Samuelsson meiner at eit svekka IBU no står i fare for å miste meir tillit.
– IBU er ikkje pålitelege når dei degraderer Russland utan at det betyr noko i praksis, seier Samuelsson, som håpar Maigurov ikkje får stemmer ved kongressen.
Bøygard støttar Samuelssons konklusjon.
– Det første det neste styret må gjøre er å bygge opp igjen omdømmet, men dette spelet med å få inn Maigurov kan svekke tilliten til IBU, seier Bøygard.