Hopp til innhold

Sjakkspelarar i fotballkamp: – Dette hjelper oss til å halde ut lenger ved brettet

Magnus Carlsen og mange andre deltakarar i sjakk-OL kopla av med fotball etter sigeren over Montenegro måndag.

Etter at Magnus Carlsen og lagkameratene hadde sørget for norsk seier i OL-oppgjøret mot Montenegro, møtte de utenlandske konkurrenter til kamp på fotballbanen.

3-1-sigeren var Noregs andre og Carlsens første i OL i Tromsø. Derfor valde landslaget å roe det ned med ei lett fotballtrening måndag kveld.

– Vi brukar formiddagen til å sjå mykje på sjakk og førebu partia. Då er det fint å kunne slå seg litt laus med noko anna etter kampane, seier Jon Ludvig Hammer til NRK etter fotballturneringa mellom sjakkspelarar frå fleire deltakarland på «løkka» i Tromsø.

– Sjakk-OL er ei massemønstring, og vi har mange venner frå ulike nasjonar som vi har treft nettopp gjennom mellom anna tidlegare sjakk-OL. Det er faktisk ein del av sjakk-OL, seier Hammer.

At dei går ut for å spele fotball på kveldstid, er ikkje tilfeldig.

– Nei, det hjelper på sjakkspelet å halde seg i rørsle. Då kan ein også halde ut lenger ved brettet. I tillegg er fotball veldig gøy også. Og så får ein utløp for litt energi, seier Kjetil Aleksander Lie.

– Har du sett inn taklingar mot dei du møtte ved sjakkbrettet tidlegare på dagen?

– Det er nok best å takle dei, ikkje sine eigne lagkameratar, seier Leif Erlend Johannessen.

Siste nytt

  • Verstappen vant i Kina

    Max Verstappen vant Formel-1-sprinten i Kina natt til lørdag norsk tid.

    Han slo Lewis Hamilton med 13,043 sekunder.

  • Storhamar knuste Vålerenga

    Storhamar var klart best og vant den tredje kampen 4-1 i NM-finaleserien mot Vålerenga.

    Laget fra Hamar leder nå 2–1 i kamper, og mangler to seire på å sikre seg kongepokalen.

    Storhamars Sverre Rønningen ble kampens store spiller med to mål for vertene.

    NM-sluttspillet ishockey menn, finale 1. kamp (best av 7), Storhamar -Vålerenga (5-1)
    Foto: Lise Åserud / NTB
  • Norsk hockey-tap i Ungarn

    Norge tapte 1–2 mot Ungarn i en privatlandskamp i ishockey fredag kveld.

    Viktor Granholm scoret Norges mål i overtall i det som NTB omtaler som en kamp som «ikke vil bli husket lenge».

    Norge møter Ungarn til ny kamp lørdag.

    Ishockey, treningskamp: Norge-Frankrike (3-4)
    Foto: Alf Simensen / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal