OL-håp fyrer laus mot koronareglar – meiner utlendingane får fortrinn

Roar og norsk OL-håp Kjetil Borch meiner koronareglane rammar norske toppidrettsutøvarar altfor hardt, noko som går utover OL-førebuingane.

Roer Kjetil Borch

KRITISK: Roer Kjetil Borch etterlyser unntak i innreiserestriksjonane for toppidrettsutøvarar.

Foto: Tore Meek / NTB

– Forhåpentleg får Kulturdepartementet fart på sakene og innvilgar oss dei same arbeidsvilkåra som alle andre toppidrettsutøvarar i heile Europa, seier Borch til NRK.

Borch er eit av Noregs medaljehåp i Tokyo-OL. Roaren har bronse frå Rio-OL i dobbeltsculler med makker Olaf Tufte og tok òg eit VM-gull saman med Nils Jakob Hoff i 2013.

EM vart derimot ingen suksess. Nordmannen fekk det tungt i singlesculler-finalen søndag og enda til slutt på sjetteplass.

– Det er paradoksalt nok den beste sesongopninga eg har hatt på fire år.

No ser han framover mot Tokyo, men er samtidig frustrert over at norske idrettsutøvarar etter meininga hans ikkje får dei same treningsvilkåra som dei han konkurrerer mot.

Kjetil Borch

Kjetil Borch satsar mot OL i Tokyo, men meiner han har dårlegare treningsvilkår enn sine utanlandske konkurrentar.

Foto: Estela Reinoso Maset. / NTB

Meiner det rammar satsinga

22. januar offentleggjorde kulturminister Abid Raja (V) at toppidrettsutøvarar var innvilga karanteneunntak ved innreise. Beskjeden var at både verdscuprenn på ski i mars og andre arrangement kunne haldast, føresett at smittesituasjonen tillét det.

Kort tid etter kom likevel kontrabeskjeden. Som følgje av spreiinga av den britiske virusmutasjonen vart unntaket inndrege.

Dei norske innreise- og karantenereglane rammar likevel toppidrettsutøvarar altfor hardt, meiner Borch.

– Det er utruleg vanskeleg å drive yrket vårt frå stova, påpeikar han.

Ønskjer same ordningar

Borch og andre norske toppidrettsutøvarar må til liks med alle andre i karantene kvar gong dei kjem heim frå utlandet. Norske styresmakter har ikkje gitt unntak for treningssamlingar eller konkurransar.

Det meiner Borch svekkjer Noregs medaljemoglegheiter i sommer-OL i Tokyo, som byrjar 23. juli.

– Eg håpar departementet kan la oss komme heim til ein arbeidskarantene slik som mellom anna tyskarane og danskane har.

– Dei kan dra rett heim og trene etter to negative testar, framleis i fritidskarantene.

– Slik er det dessverre ikkje for oss, og det kjem til å ramme satsinga til sommaridrettsutøvarane kraftig inn mot OL i Tokyo, seier Borch.

Saliba Andreas Korkunc

Statssekretær Saliba Andreas Korkunc (H) i Helse- og omsorgsdepartementet.

Foto: Lise Åserud

Forstår frustrasjonen

Statssekretær Saliba Andreas Korkunc (H) i Helse- og omsorgsdepartementet seier i ein kommentar til NRK at han har stor forståing for frustrasjonen som Borch føler.

– Vi har stor forståing for den frustrasjonen mange opplever ved å ikkje ha moglegheit til å delta i konkurransar, eller til å trene og førebu seg på best mogleg måte til større konkurransar og internasjonale meisterskap. Dette gjeld både for utøvarar i individuelle idrettar og for utøvarar i lagidrettar.

– Når det er sagt, vil eg likevel framheve at toppidretten og toppidrettsutøvarar som har idretten som yrke, gjennom heile pandemien har vore blant dei gruppene i samfunnet som har vorte prioritert, mellom anna fordi dei er underlagde og lever i eit strengt smittevernregime.

– Blir fortløpande vurdert

Ifølge VG skal det gjerast nye vurderingar av innreiserestriksjonar og unntak frå karantenereglane rundt 20. april.

– Innreiserestriksjonane vurderast løpande, og dette inkluderer også toppidrettsutøvarar, kommenterer Korkunc.

Han understrekar likevel:

– Vi har innreisekarantene sidan dei fleste landa har høgare smittepress enn Noreg. Innreisekarantene er difor viktig for å hindre smitte til Noreg. Det er spesielt viktig for å bremse spreiinga av nye mutasjonar. Det finst også smitte blant personar som er i karantene, sjølv om dei hadde negativ test på grensa, påpeiker statssekretæren.

Siste nytt

  • Negative tester i Odd

    Mandag fikk Odd svar på koronatestene som ble tatt etter at en spiller testet positivt i forkant av seriepremieren mot Sandefjord. Alle de andre spillerne og støtteapparatet hadde negative prøvesvar, opplyser klubben på egne nettsider. Spillerne er fortsatt likevel i karantene og klubben vet ikke om de kan spille kampen mot Stabæk den 16. mai.

    Teningskamp i fotball 2021: Sarpsborg 08 - Odd
    Foto: Christoffer Andersen / NTB
  • Reginiussen legger opp

    Forsvarsspiller Tore Reginussen (35) annonserer på sin Instagram-konto at han legger fotballskoene på hylla etter denne sesongen. Etter å ha spilt i Rosenborg siden 2012, signerte han for den tyske klubben FC St. Pauli i januar. Siste seriekamp er 23. mai.

    – Det har vært en utrolig reise, med endeløse høydepunkter og opplevelser, skriver han.

    Reginiussen har 31 landskamper og ble blant annet kåret til årets spiller i eliteserien i 2017.

    – Tiden er inne for å ta fatt på et nytt kapittel i livet mitt.

Sendeplan

Kl. Program Kanal