Denne Fourcade-tåa såg ikkje Emil: – Utruleg unødvendig

SOTSJI/OSLO (NRK.no): Emil Hegle Svendsen (28) jubla i tidlegaste laget, men kunne etter målfoto endeleg feira sitt fyrste gull i Sotsji etter ein dramatisk innspurt.

Fourcade-tå

Emil Hegle Svendsen strakk hendene i vêret vel tidleg i innspurten mot Martin Fourcade.

Foto: Junge, Heiko / NTB scanpix

Emil Hegle Svendsen (28) spurtslo nok ein gong Martin Fourcade (25), og tok sitt andre individuelle OL-gull i karrieren.

Men det måtte målfoto til. Svendsen var framfor Fourcade på oppløpet og det kunne sjå ut til å gå mot ein «klar» siger til nordmannen. Men Svendsen slappar litt av på slutten, og franskmannen kastar fram foten. Her kunne 28-åringen ha tapt OL-gullet.

Emil Svendsen

Emil Hegle Svendsen slapp kjenslene til etter OL-gullet var sikra.

Foto: CARLOS BARRIA / Reuters

– Eg hadde faktisk kontroll

– Eg trudde eg hadde kontroll, for då eg var ti meter framfor tenkte eg Fourcade skulle gje seg. Men eg hadde faktisk kontroll sjølv om det kanskje ikkje såg slik ut, seier Svendsen til NRK.no og gliser.

Svendsen vart til slutt måla til 33 tusendelar framfor Fourcade.

– Det er unødvendig å ikkje gå alt du har over mål når du har Martin Fourcade bak éin meter bak deg, seier NRKs skiskyttarekspert Halvard Hanevold, og legg til:

– Det var ikkje det at han var sliten, men han gjorde ei feilvurdering. Heldigvis gjekk det bra.

Braut saman i tårer

Svendsen var med i teten frå start til slutt på fellesstarten og var best i snøvêret i Sotsji. 28-åringen traff på samtlege 20 blinkar. Etter å ha jubla mot tribunen, braut gullvinnaren saman i gråt.

– Det var fulltreff på alt. Eg gjekk bra i sporet og traff klink på standplass. Ut på sisterunden prøvde eg berre å spara krefter for å ta dei i spurten. Alt var bra, seier Svendsen som meiner det er det beste løpet han har gått.

Svendsen tenkjer skiskyting døgnet rundt. Difor betyr gullet ekstra mykje.

– Tankane om korleis eg skal verta betre er der heile tida. 20 treff er heilt... heilt utruleg.

– Eg må gratulera av heile mitt hjarte. Det er eit vanvittig løp og 20 treff. Men han syner kor viktig det er å ikkje selja skinnet før bjørnen er skoten, seier Hanevold.

Hadde gode ski

Hanevold hadde Svendsen som favoritt, og meiner skia var ein viktig bidragsytar.

– Det er heilt fantastisk og ikkje uventa. Emil har vist formstigning. Han har hatt dårlege ski, men har skote bra. Me venta gode ski i dag, og det hadde han, fortel Hanevold.

Hovudpersonen sjølv stadfestar gode ski.

– Me hadde knallgode ski. Eg brukte ikkje krefter på å liggja i front. Det stemte bra, sa Svendsen til TV 2.

Svendsen, Martin Fourcade og Ondrej Moravec kom samla inn til den siste og avgjerande skyting, med Bjørndalen hakk i hæl.

Dei tre fyrstnemnde skaut feilfritt. Martin Fourcade var raskast på skytinga og gjekk ut fire sekund framfor Moravec og Svendsen. Men – dei tre var raskt samla.

Etter kvart måtte Moravec sleppa, og gullkampen stod mellom Fourcade og Svendsen. Nordmannen starta ein langspurt som altså heldt heilt inn.

Bjørndalen sprakk på siste skyting

Bjørndalen sprakk totalt på siste skyting og fekk heile fire bom. 40-åringen gjekk til slutt inn til 22.-plass etter å ha vore med i medaljekampen. Gullvinnaren frå sprinten hadde òg to bom på den fyrste skytinga.

– Det var frykteleg dårleg, men eg har ikkje nokon god forklaring akkurat no. Eg følte meg sprek i sporet, men det var det ikkje noko vits i. Det var moro Emil fekk det til, sa Bjørndalen til NRK.no.

Johannes Thingnes Bø gjorde det godt på standplass og pådrog seg berre éin strafferunde totalt. Den kom på den fyrste skytinga. Bø gjekk til slutt inn til 8.-plass.

Beklager, vi kunne ikke vise innholdet.
Se «Resultater, 15 km fellesstart for menn» i nytt vindu

Siste nytt

  • Stort heimetap for Larvik

    Larvik tapte 25-33 for danske Odense i gruppespelet i meisterligaen. Ved pause stod det 13-16. Larvik har to poeng på tre kampar, og møter Odense igjen 4. november.

    Emilie Christensen scora 6 mål for Larvik.

    Larvik - Odense
    Foto: Trond Reidar Teigen / NTB scanpix
  • Halep årets tennisspiller

    Simona Halep ble fredag hedret som årets kvinnelige tennisspiller. Det skjedde under gruppetrekningen for

    WTA-mesterskapet, der hun ikke deltar.

    Halep har vært verdensener siden slutten av februar og kommer til å beholde førsteplassen resten av året.

    2018 US Open - Day 1
    Foto: Elsa / AFP
  • United-bot for forsinket frammøte

    UEFA har ilagt Manchester United en bot på 15.000 euro (140.000 kroner) fordi laget kom 45 minutter for sent til mesterligakampen mot Valencia.

    Mesterliga-reglementet foreskriver at lagene skal være på plass 75 minutter før kampen.

    Manchester United
    Foto: Jon Super / AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal