NRK Meny
Normal

Søndag kan Norge bli OL-klar

Med solide 4–1 over Italia er Norge klar for gruppefinale mot Frankrike søndag. Der er ein OL-billett sigerspremie.

Norsk jubel

JUBEL: Mathis Olimb har scora for Norge og sendt laget på veg mot ein klar siger over Italia. I morgon blir det gruppefinale om ein OL-plass

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix

Etter tapet for Kasakhstan fredag, måtte Norge vinne for å halde liv i OL-håpet, og gjorde det greitt. Mathis Olimb og Tommy Kristiansen scora i første periode, i begge tilfelle etter pasning frå Patrick Thoresen.

Italia reduserte etter fem minutt i midtperioden, og då var det teikn til nervøsitet i det norske laget.

Men Jonas Holøs sette inn 3–1 frå blålinja midt i den siste perioden, og då senka dei norske spelarane skuldrene. Lufta gjekk ut av italienarane, og Andreas Martinsen scora det fjerde i overtal drygt to minutt før slutt.

Frankrike slo Kasakhstan 4–1 tidlegare i dag, og leier gruppa med fem poeng. Norge har fire.

Dermed blir det rein gruppefinale om ein OL-plass når Norge møter Frankrike søndag. Norsk siger gir plass i OL 2018.

Siste nytt

  • Curling-tap mot Sveits

    Thomas Ulsrud og hans lag tapte 6-8 for vertsnasjonen Sveits i andre kampe i curling- EM. Tidlegare i dag opna Norge med 11-3 over Russland.

    Neste kamp går mot Nederland søndag.

Sendeplan

Kl. Program Kanal
Sesongstart langrenn: 15 km fri teknikk, menn
Vinterstudio
Vinterstudio
Sesongstart langrenn: 15 km fri teknikk, menn
Langrenn: 15 km fri teknikk menn
Vinterstudio
Vinterstudio
Sesongstart skiskyting: fellesstart kvinner
Sesongstart skiskyting: Fellesstart kvinner
NM kombinert: 10 km langrenn
Sesongstart skiskyting: Fellesstart kvinner