OL-draumen brast for Piasecki

Sølvvinnaren i fekting frå OL i London, Bartosz Piasecki, klarte ikkje å kvalifisera seg til OL i Rio.

Bartosz Piasecki

UTE: Bartosz Piasecki måtte vinna dagens kvalifisering, men rauk ut med tre kampar att av turneringa.

Foto: Harald Thingnes / NRK

– Eg visste at dette var min sjanse, og denne datoen kryssa eg av for fire år sidan etter London-OL. Eg har trena for denne dagen, men eg var ikkje god nok. Det er trist, seier Piasecki til NRK etter tapet.

Draum om OL brast då han tapte i kvartfinalen mot tsjekkiske Jiri Beran i den første og siste kvalifiseringsturneringa i Praha i dag. Beran gjekk så vidare og vann heile turneringa og er med det klar for OL. Før det hadde han blant anna slått ut andreseeda Yuval Shalom Freilich frå Israel.

Totalt var det med 27 deltakarar i turneringa, der det berre er vinnaren som får plass i sommarens OL i Rio.

– Om eg vart nummer to eller fem hadde ikkje spelt noko rolle då det berre er vinnaren som får plass i OL, seier han.

– Vi visste at det ville bli vanskeleg. Han måtte vinne fem kampar og vann dessverre berre to, seier far Mariusz Piasecki om innsatsen i OL-kvalifiseringa.

Med det får han ikkje sjansen til å forsvara sølvmedaljen han tok i London OL for snart fire år sidan. Og om han satsar vidare mot Tokyo har han ikkje bestemt seg for enno.

– Det er EM i juni som eg ser fram mot, og så får eg gjere opp status på om eg går på for fire nye år, seier Piasecki.

Siste nytt

Sendeplan

Kl. Program Kanal