NRK Meny
Normal

Verdens første vegan-klubb er klar for ligaen

Forest Green Rovers er ikkje som andre fotballklubbar. Det er den einaste i verda som er gjennomført vegansk og miljøvenleg. I dag blei dei ligalag.

Forest Green Rovers

TØMMER-BANE: Forest Green Rovers kjem frå den minste byen som nokosinne har hatt lag i ligaen. Men dei skal byggje heilt nytt stadion – det første i verda som er laga hundre prosent av tømmer

Foto: HANDOUT / Reuters

Den vesle klubben frå Nailsworth i Gloucestershire nordaust for Bristol fekk for første gong i historia status som ligaklubb etter 3-1 over Tranmere i playoff-finalen på Wembley søndag.

Tilreisande motsandarfans kan berre gløyme å setje tennene i ein tradisjonell burger eller typisk engelsk kjøttpai når dei kjem til ligakampar på The New Lawn. Fish and chips også. Og tradisjonelt øl.

Veggie-burgarar er derimot å få kjøpt. – Og dei er blitt skikkeleg populære blant fansen, seier Vince til The Independent.

– Raudt kjøt er negativt

– Det er godt kjent at raudt kjøt er negativt for prestasjonane, seier klubbeigar Dale Vince. – Det er ikkje uvanleg for topp-idrettsutøvarar å unngå det.

Burgers are really awful. They’re the most awful parts of an animal and are really unappealing products that are cheap as dirt. We’ve replaced them with really high quality plant-based food.

Dale Vince, klubbeigar

Alt som inneheld kjøt, fisk eller meieriprodukt er bannlyst på klubbens område. Det er rikeleg med ladestasjonar for el-køyretøy på stadion, elektrisiteten kjem frå solpanel, og robotar trimmar det organiske grasdekket på bana.

Rik på miljøvenleg energi

Vegan-mat

MAT FOR MENN: Vegansk mat er blitt populært på arenaen til Forest Green, men tradisjonelle burgerar og paiar er bannlyst

Foto: LARRY CROWE / Ap

Forest Green er definitivt ikkje som andre ligaklubbar. Det er det Dale Vince som er årsaka til. Han har slått seg stort opp på produksjon av miljøvenleg energi, og skal vere god for godt over ein milliard kroner.

– Personleg er eg veganar og har svært sterke synspunkt på miljø, dyrevelferd og folkehelse, seier Vince til The Sun.

No planlegg Vince nytt stadion. Det skal ta opptil 10.000 tilskodarar og bli det første stadion i verda som blir bygd hundre prosent av tømmer.

Vince tok over som klubbeigar i 2010 og tok straks til å implemetere sine eigne idear i klubbdrifta. Allereie året etter skapte han overskrifter ved å nekte sal av alt raudt kjøt på klubbens område.

Redda frå konkurs

Det var klubben sjølv som tok kontakt, ettersom dei var i alvorleg pengeknipe og var på randa av konkurs.

Med hans bakgrunn og interesser var klubbnamnet Forest Green logisk å satse på når Vince gjekk inn i fotballen. Han hadde frå starten visjonar om vegansk satsing.

– Det var litt motstand til å byrje med, men det endra seg raskt, seier Vince til The Guardian.

Ny arena av tømmer

Kampen mot Lincoln 1. november 2014 er rekna som den aller første gjennomførte vegan-kampen i verdshistoria.

– Dette er første steget for å ta klubben til Championship, sa Dale Vince før kampen mot Tranmere på Wembley.

The New Lawn har plass til berre 5141 tilskodarar. Byen har eit offisielt folketal på 5794, så nesten alle får plass. Det er også den aller minste byen som noko gong har hatt lag i den profesjonelle ligaen.

Klubben var i playoff-finalen i fjor også, men tapte for Grimsby.

Siste nytt

Sendeplan

Kl. Program Kanal
VM sykkel: Tempo
VM-kveld
4-4-2 NM fotball: Semifinale Vålerenga - Sarpsborg 08
Cupen: Semifinale, Vålerenga - Sarpsborg 08
Semifinale i cupen, menn
Cupen: Semifinale, Vålerenga - Sarpsborg 08