NRK Meny
Normal

ØIF Arendal tapte for Elverum

Ny publikumsrekord i Sør Amfi i Arendal til tross, seriemeister Elverum vart for sterke mot ØIF Arendal i den første finalen i sluttspelet. Elverum vann til slutt 31 - 25 på Sør Amfi.

Knut Martin Johnsen

Knut Martin Johnsen og ØIF Arendal klarte ikkje å slå Elverum i den første finalekampen.

Foto: Sander Heggheim / NRK

Det var gjestane som var best også i første omgang. Laget gjekk til pause med 13-10 leiing.

ØIF Arendal

ØIF Arendals André Marius Jørgensen jublar underveis i kampen.

Foto: Sander Heggheim / NRK

Sleit i forsvar

I andre omgang gjekk Elverum hardt ut og skaffa seg raskt ei seksmålsleiing. Dette klarte heimelaget aldri å hente inn igjen.

ØIF Arendal sleit med å setje eit godt forsvar, og målvaktene hadde heller ikkje den beste dagen. I tillegg var det offensive spelet prega av mange tekniske feil.

Dei rundt 60 tilreisande Elverum-supportarane jubla og sang «Vi tar gullet» etter kampslutt. Til saman var det 2800 tilskodarar i Sør Amfi.

Dørene vart stengt allereie 45 minutt før kampstart fordi billettane var utselde.

– Det er fantastisk å sjå så mange publikummarar sjølv om vi slit med å halde same nivå som Elverum. Dei spelar ein veldig god kamp og gjer oss dårlege, seier ØIF-trenar Leif Gautestad til NRK.

Elverum jublar med supportarane

Dei tilreisande supportarane jubla saman med spelarane etter kampen.

Foto: Sander Heggheim/NRK

Vi gir oss aldri

– Løpet er ikkje køyrt. Vi slo Elverum borte sist. Vi gir oss aldri. I dag spelte Elverum ein veldig god kamp. Vi skal ha respekt for motstandaren og dei skal ha honnør fordi dei er gode, seier trenaren.

Returkampen går allereie førstkommande søndag i Terningen Arena i Elverum. Dersom Elverum vinn denne kampen har laget sikra seg sigeren i sluttspelet.

Sist laga møttest i Terningen Arena var det ØIF Arendal som stakk av med sigeren. Det vil ikkje Elverum-trenar Christian Berge ha noko av søndag.

– Sist gjekk vi i undervurderingsfella. Det kjem vi ikkje til å gjere no. Det kan eg love, seier han til NRK.

ØIF

Det var på førehand venta fulle tribuer på kampen mellom ØIF Arendal og Elverum på Sør Amfi.

Foto: NRK

Siste nytt

Sendeplan

Kl. Program Kanal
EM feltritt: Sprangridning
EM feltritt: Sprangridning
EM feltritt: Sprangridning
Friidrett: Diamond League fra Birmingham
Friidrett: Diamond League
Friidrett: Diamond League
4-4-2 Radiosporten
4-4-2 Radiosporten
Radiosporten følger den 20.runden av Eliteserien
4-4-2 Radiosporten
4-4-2 Radiosporten