Også Watford-nei til nøytrale baner
Watford er den tredje klubben som ope går ut mot planene om å spele resten av Premier League-kampane på nøytrale baner. Det kan utsetje avgjerda som ligaen var venta å kome fram til måndag, melder BBC.
Tidlegare har Aston Villa og Brighton sagt at dei går imot dette. Om dei får følgje av fire andre klubbar, blir det ikkje noko av.
Spel på nøytrale baner er ein sentral del av planene om å kome i gang med kampar igjen i juni. Grunnen er at berre baner som ligg langt nok unna bustadområde, får løyve til å huse fotballkampar, sjølv med tomme tribuner.