OL har ikkje gått i favør Petter Northug så langt. Ein skuffande 17.-plass på 30-kilometeren med skibyte søndag, blei avløyst av ein fristilsprint der han hamna totalt i skuggen av sigrande Ola Vigen Hattestad.
Northug sjølv var sjanselaus allereie i semifinalen på sprinten.
– Det var tungt allereie i kvartfinalen, så eg burde nesten ikkje starta semien. Eg var litt daud, og då har ein ingenting i ein sprint å gjere, sa Northug til NRK etter sprinten.
Northug sleit i bakkane, men skia fekk null av skulda. Kroppen og dagsforma fekk all skuld.
– Forma er bra, men du må vere pigg og ha dagsforma. I dag mangla den, og då har du ikkje noko å gjere her, sa Northug.
Oppvask og krav om ærleg svar
Landslagssjef Vidar Løfshus har varsla Northug-oppvask, og ville ikkje gi nokon lovnader då NRK spurte om 15-kilometeren fredag.
– Det er ingen absolutter. Vi har masse gode løparar. Vi får sjå. Det blir eit sterkt lag med eller utan Petter, sa Løfshus.
NRK-kommentator Jann Post meinte Northug måtte vere ærleg om eigen form og kapasitet.
– Det er viktig at Petter er ærleg om korleis han føler seg. Han må vere klar på kva han trur om sine eigne moglegheiter, sa Post.
Nettopp ærleg (trur vi) Northug var i intervju med NRK. Då er det nettopp klassisk fredag som er i siktet til trønderen.
– Er ikkje nedbroten
Etter skiathlonet var Northug alvorleg uroa for stafetten. Etter sprinten var han veldig klar for å gå for gull fredag.
– Eg har hatt mine beste løp på klassiske distansar i år, så alt er mogleg der.
– Alt?
– Eg har ein siger klassisk og løypene her passar meg bra. Så, ja, eg kan vinne, meiner 28-åringen.
Samstundes er han klar på at sjølvtilliten ikkje er øydelagt av to dårlege OL-renn.
– Eg er ikkje nedbroten, slår han fast.
Pappa John: – Verre start i Vancouver
Samstundes som Northug sjølv er klar for å gå mot gull, kjem det nye forsyningar får heimlandet. Mor og far Northug kjem nemleg til Sotsji, og då skal kofferten pakkast med blåbærsaft og heimelaga syltetøy.
– Det handlar om å få heimefølelsen. Vi er ikkje direkte overtruiske, men vi skal ha med noko heimanfrå, ja, seier John Northug med eit smil.
Pappa John trur òg sonen vil vise seg fram etter eit par kviledagar.
– Det var ein verre start i Vancouver enn det er nå, sånn resultatmessig, slår John fast.
I Vancouver lukkast ikkje Northug verken på 15 kilometer fristil eller 30 kilometer fellesstart med skibyte. Så starta medaljesankinga der det blei gull på femmila og lagsprinten, pluss sølv på stafetten og bronse på sprinten.
Små marginar
John Northug meiner det står om svært små marginar.
– Men han føler at overskotet ikkje er langt unna, seier pappa Northug til NRK.
Både far og son meiner kvile er det viktige no. Faren er elles imponert over det sonen har fått til om ein ser på oppkøyringa.
– Det blir litt meir svingingar i dagsforma når oppkøyringa er så kort, men eg er imponert over kva han har fått til, fortel John Northug.
Etter 15 kilometer klassisk fredag, som Northug ser på som ein god sjanse, er det stafett søndag. Den kan fort ryke.
– Ja, eg trur han vurderer å trekke seg dersom han føler at han ikkje kan gjere jobben. Han kan ikkje risikere laget, meiner John.
Faren hadde vondt av å sjå sonen under sprinten søndag, men før han tek av til Russland, Sotsji og OL er han klar på at ting fort endrar seg. Det står igjen å sjå.