Full stillstand i Idretts-Norge etter Dale Oen-dødsfall

Svømmekonkurranse i Bergen går ikkje som planlagt. Skøytelandslaget utset oksygentesting, og engasjerer legen for å jobbe førebyggande rundt plutselege dødsfall. Det er unntakstilstand i Idretts-Norge etter at Alexander Dale Oen omkom tysdag.

Dale Oen

– Det er for tidleg å seie noko om OL-førebuingane så kort tid etter dette, seier toppidrettssjef Jarle Aambø.

Jarle Pedersen

Skøytelandslagets trenar har utsett planlagd oksygentesting av utøvarane sine, og melder at landslagets lege skal sjå på korleis ein betre kan førebygge plutselege dødsfall i idretten.

Foto: Holm, Morten / Scanpix
Per Rune Eknes

Svømmepresident Per Rune Eknes.

Foto: Øijord, Thomas Winje / NTB scanpix
– Vi som har lært han å kjenne har vore vanvittig heldige.

Slik oppsummerte svømmepresident Per Rune Eknes korleis svømmaren Alexander Dale Oen best vil bli hugsa i det norske svømmemiljøet.

Onsdag møtte han pressen saman med Olympiatoppens leiing på Toppidrettssenteret i Oslo.

Sorg var først og fremst temaet dei ville snakke om. Utruleg mange i Idretts-Norge er råka etter at Dale Oen døde etter at hjartet stoppa tysdag.

– Han var ein fantastisk raus person som hadde tid til alle. Som prata med alle på same måte, uansett alder og status. Han var open, og samstundes fantastisk flink til å vere konsentrert, seier Eknes, som har vore gjennom tunge timar etter at Dale Oen gjekk bort.

Vil førebygge

I tillegg til å prege utøvarane har dødsfallet også ført til endring treningsopplegget i enkelte idrettar.

Leiinga på skøytelandslaget, som i dag skulle teste utøvaranes oksygenopptak, utsette testinga og valde heller å halde informasjonsmøte om kva som vil skje i vekene framover.

Landslagstrenar Jarle Pedersen har også engasjert skøytelagets lege. Han skal sjå på korleis ein kan forhindre at eit slikt dødsfall skjer på ny.

– Vi har allereie sett i gang legen vår med å sjå på kva vi kan gjøre for å førebygge at slike tilfelle skjer igjen. Meir veit eg ikkje om det enno, seier Pedersen, som opplyser at ei samling med skøyte-, langrenns- og kombinertlandslaget vil gå som normalt i neste veke.

I USA held obduksjonsarbeidet no fram for fullt for å få avdekka kvifor den topptrena, tilsynelatande friske 26-åringen døydde brått.

Avlyser svømmekonkurranse

På vestlandet er Bergen Swim Festival avlyst etter at Alexander Dale Oen gjekk bort. Det vedtok arrangøren onsdag.

Stemnet (4. – 6. mai) skulle vere Dale Oens comeback etter skadeavbrotet i nokre månader.

– Alex skulle vere ein av dei store profilane under BSF i år, og når han no ikkje lenger er blant oss, blei det ei umogleg oppgåve å yte BSF 2012 den rettferda eit slikt arrangement fortener, skriv stemneleiinga på bsf.no.

Nektar å snakke om OL-oppkøyring eller dødsårsak

Toppidrettssjef Jarle Aambø var også til stades på Olympiatoppen onsdag. Blitzregnet hagla då han og svømmepresidenten begge signerte kondolanseprotokollen som er sett opp til minne om Dale Oen.

– Stemninga her er prega av det som har skjedd. Samstundes er vi i gang med å bearbeide sorga, og på den måten komme eit lite steg vidare, seier Aambø.

Korleis dette påverkar OL-oppkøyringa ville ikkje toppidrettssjefen svare på.

– Eg må bare innrømme at vi ikkje har fått sett på kva dette vil ha å seie for OL-førebuingane, men utøvarane våre skal vidare etter dette, og vi skal hjelpe dei med det på ein god måte, seier Aambø.

Ingen ville spekulere i dødsårsak eller snakke om medisinske tema i tilknyting til det som skjedde med Alexander Dale Oen måndag kveld i Flagstaff, USA.

– Vi har ikkje gjort nokre tankar rundt det. Det veit vi for lite om til å kunne diskutere eller ha sterke meiningar om. Vi avventar til vi veit meir, seier Aambø.

Jarle Aambø

Jarle Aambø skreiv si helsing i Alexander Dale Oens kondolanseprotokoll onsdag.

Foto: Andreas Stabrun Smith / NRK

Siste nytt

  • La Liga starter 11. juni

    Det spanske idrettsdepartementet bekreftet fredag ettermiddag at La Liga starter opp igjen 11. juni med derbyet mellom Sevilla og Betis. Mellom fredag 12. juni og mandag 15. juni blir de andre kampene i runde 28 spilt, alle foran tomme tribuner. Elleve serierunder gjenstår å avvikle for Martin Ødegaard og de øvrige La Liga-spillerne. Barcelona ligger to poeng foran Real Madrid, mens Real Sociedad er nummer fire.

    _Yg7VIwtYTw
    Foto: Joan Monfort / Joan Monfort
  • 850 nye millioner til idretten

    Kulturminister Abid Raja (V) legger 850 friske millioner på bordet for å kompensere inntektstapene idretten og frivilligheten har lidd under viruskrisen. I tillegg strekkes perioden det kan søkes om inntektstap fra til 31. august. – Vi kan ikke kompensere krone for krone, men målet er å treffe bredest mulig, sa kulturminister Abid Raja. Han påpekte også at bevilgningene kan økes senere ved behov.

    Abid Raja
    Foto: Vidar Ruud / Vidar Ruud
  • Løke opereres for seks brudd

    Heidi Løke står over håndballjentenes samling til uka på grunn av et inngrep i nesen. Smellen hun fikk under VM i Japan må fikses. – Det er seks brudd i nesen, og neseveggen er trykket helt ut av stilling. Den ser ut som et trekkspill, sier Løke til TV 2.

    Løke

Sendeplan

Kl. Program Kanal