Ødegaadrd fekk sleppe til frå start for første gong på ein månad, og leverte ein bra førsteomgang og skapte ein stor sjanse like før pause i regnveret i den nederlandske skøytebyen.
Då leia Heerenveen etter scoring av Sam Larsson fem minutt før pause. 1-0 blei også sluttresultatet. Heerenveen er nummer åtte på tabellen med tre kampar att å spele.
Morten Thorsby var ikkje i Heerenveens tropp. Vajebah Sakor sat på Willems benk utan å få kome inn.
Martin Ødegaard tilhøyrer Real Madrid, men er lånt ut til Heerenveen ut denne sesongen.