NRK Meny
Normal

Ødegaard om Barca-interessa: – Spennande

Som storklubbane i Europa flokka fansen seg rundt eliteseriens heitaste profil, Martin Ødegaard (15), då han besøkte Norway Cup.

Ødegaard

Mange barn hadde ein stor dag då dei fekk møte Martin Ødegaard på Ekebergsletta.

Martin Ødegaard

Martin Ødegaard har tre scoringar og tre målgjevande pasningar på 11 kampar for Strømsgodset denne sesongen. I fleire av oppgjøra har han entra banen som innbyttar.

Foto: Jan Kåre Ness / NTB scanpix

– Det er klart det er spennande og hyggeleg, men det er ikkje noko eg har fokus på no, seier Martin Ødegaard i haugen av fans som vil ha stortalentets autograf.

15-åringen snakkar om den mykje omtala interessa frå Europas fotballstormakter. VG meldte i dag at Barcelona skal sjå vidunderbarnet spele mot Sogndal til helga.

I tillegg skal klubbar som Manchester United, Bayern München, Manchester City og Chelsea ha sett tenåringen i aksjon denne sesongen.

– Fokuset mitt er på å bli bedre i Strømsgodset. Det er det einaste fokuset eg kjem til å ha framover også, seier fåmælte Ødegaard til NRK.

Rundt 30 klubbar har kontakta Ødegaards pappa

Strømsgodset-profilen debuterte under Celtic-manager Ronny Deilas leiing denne sesongen.

14. april blei han tidenes yngste eliteseriespelar.

16. mai blei Ødegaard tidenes yngste målscorar i eliteserien då han sendte klubben opp i 4-0-leiing over Sarpsborg.

Sidan har superlativa hagla rundt spelaren.

– Han har ein forståelse og ein teknikk som overgår alt eg tidlegare har sett i livet mitt, sa Deila etter debuten mot Aalesund.

Det har kanskje også pappa Hans Erik Ødegaard fått høyre - frå klubbar som har meldt si interesse for spelaren.

Pågangen har vore så stor at han ser ut til å ha mista teljinga over kor mange som har henvendt seg.

– Ca. 30 klubbar. Kan hende det er 27. Kanskje 34, men rundt 30 totalt sett, skriv Hans Erik Ødegaard på SMS.

Etter oppgjøret blei Ødegaard hylla på sosiale medier. Mange, inkludert mannen med flest landskampar for Norge, John Arne Riise, spurte seg om ikkje tida snart er inne for å ta med femtenåringen på landslaget.

Ødegaard var raskt ute og dempa landslagssnakket. I dag gjentok han seg sjølv, men understreka at det ikkje er aktuelt å seie nei dersom det kjem ein telefon frå Per-Mathias Høgmo.

– Sjølvsagt vil eg takke ja dersom eg blir tatt ut, men det er litt for tidleg etter mitt syn, sa Ødegaard i flokken av fans på Ekebergsletta

SJÅ VIDEO: Det største talentet Ronny Deila har sett

Intervju med Ronny Deila og Martin Ødegaard.

Siste nytt

Sendeplan

Kl. Program Kanal