– Desse laga skulle begge hatt to poeng til i dag, er sportsavisa Marcas dom etter den innhaldsrike kampen.
Ødegaard var ikkje direkte involvert i nokon av scoringane, men skapte likevel mykje bry for Barcelona. Real Sociedad pressa i periodar Barcelona godt. Men Barcelona er ikkje Barcelona for ingenting, og laga kontringar i massevis.
Ødegaard fyrte av fem skot i løpet av kampen, men ingen av dei trefte mål.
– Bittert
– Det er litt blanda kjensler. Vi fortente tre poeng. Det er litt bittert at det ikkje blei siger, seier Ødegaard til TV 2.
– Men dei er dødeleg effektive, og har dei spelarane dei har. Dei kan skape noko ut av ingenting, og det gjorde dei i dag, seier Ødegaard.
Han er godt nøgd med livet i Real Sociedad.
– Eg er på eit fantastisk lag, som spelar fantastisk fotball. Det viser vi i dag. Eg kosar meg, seier han.
Fjerdeplass
Klubben hans ligg på fjerdeplass i La Liga, med berre Barcelona, Real Madrid og Sevilla framfor seg.
Midt i omgangen fyrte Ødegaard av eit skot frå over 20 meter. Det kunne blitt eit svært spektakulært vinnarmål, men gjekk over.
Like etter var han involvert i ein trippelsjanse som skapte panikk i Barca-forsvaret, men heller ikkje der blei det mål.
Ødegaard hadde også eit godt forsøk på å tre gjennom Willian José. Men det mislykkast.
– Vi misforstod kvarandre der, sa Ødegaard.
Hjelpte eigarklubben
Uavgjort er nok Real Madrid mest nøgd med. Dei kan ta leiinga i ligaen søndag kveld når dei møter Valencia. Og onsdag er det El Clásico i Barcelona.
Det var nordmannen som la hjørnesparket inn i feltet då Real Sociedad tok leiinga. Diego Llorente blei felt og fekk straffe, som kaptein Mikel Oyarzabal scora på.
Sociedad såg ut til å ha god kontroll på gigantane frå Katalonia. Men det heldt ikkje heilt. Luis Suárez spela fint fri Antoine Griezmann, som sette inn utlikninga mot klubben han spela sine fem første profesjonelle år for.
Rekordpublikum
Så sat samspelet mellom Messi og Suarez rett etter pause. Busquets spela Messi vakkert fri, argentinaren brukte utsida av foten med ei lekker pasning til Suarez som med eit spark plasserte ballen i nettet. Vakkert, raskt og effektivt.
Heimelaget hadde på ingen måte gitt seg. Barcelonas keeper Marc-André ter Stegen boksa dårleg ut eit innlegg frå Nacho Monreal. Utboksinga gjekk rett på Alexander Isak, som dundra inn 2–2. Så blei svensken teken av bana til enorm applaus frå rekordpublikummet 36.000 på stadion i San Sebastián.