Det får NRK opplyst av Odds tryggingssjef Ole Larsen, etter møte i klubben i føremiddag. Supporteren sprang ut på bana og kasta ei flaske mot Mjøndalen-keeper Julian Faye Lund like etter at Mjøndalen hadde teke leiinga i kampen søndag kveld.
– Han hoppa over tribunen og trua meg med mi eiga flaske, sa Faye Lund.
Mannen blei teken hand om av politiet straks etterpå.
– Han er utestengd frå alle våre arrangement resten av året. Vi har også varsla motstandarane i våre bortekampar, som også blir oppmoda om å stenge vedkomande ute, seier Larsen.
Han legg til at klubben ikkje ønskjer å bli ein del av den slags aktivitetar, og at de tek avstand frå det.
Klubben har vore i kontakt med mannen, som seier seg villig til å betale alle kostnader klubben har hatt i samband med hendinga.
– Han er innforstått med vår reaksjon, og seier at den er heilt grei, seier Ole Larsen.