NRK Meny
Normal

Odd held følge med Rosenborg etter storsiger

Odd køyrde over Aalesund med 4-1 i dagens heimekamp, og følger dermed Rosenborg tett i gullkampen.

occean

JUBLAR: Olivier Occean blei ein av dei store spelarane i dagens kamp mot Aalesund.

Foto: Krister Soerboe, Sørbø, Krister / NTB scanpix

Laster innhold, vennligst vent..

Etter Rosenborgs 5-2-siger over Sarpsborg 08 i gårsdagens eliteserierunde, måtte Odd slå Aalesund for å ikkje miste terreng mot serieleiaren.

Med ein solid heimesiger mot Aalesund forblei luka på 3 poeng opp til trønderane.

– Me håpar å følge dei heile vegen, seier tomålsskårar Olivier Occean etter kampen.

Keepertabbe

For sjølv om Aalesund opna friskt, var det Odd som kunne juble for eit tidleg mål.

Olivier Occean sette kontant inn eit innlegg frå Oliver Berg etter 16 minutt. Kanadieren hadde ein veldig god kamp for Oddrane.

Odd hadde full kontroll på spelet, og etter 38 minutt sender Occean ein heading på mål, som keeper Andreas Lie fomlar ut til Bentley, som hælar ballen mellom beina på både Lie og ein Aalesund-forsvarar.

Bentley-jubel

LEKKER SKÅRING: Bentley og resten av Odd-spelarane kunne juble etter hælsparket som førte til 2-0

Foto: Krister Soerboe, Sørbø, Krister / NTB scanpix

Straffesiutasjon

Franck Boli kom gjennom Odd-forsvaret rett før pause. Åleine med Odd-keeper Sondre Rossbach går han i bakken. Det er vanskeleg å sjå om det er kontakt, men Rossbach låg i alle fall i vegen for Boli, utan å vere nær ballen.

Dommaren blåste, men for filming. Boli fekk gult kort, men skjønte sjølv lite. Det gjorde også Bjørn Helge Riise, som fekk sjå situasjonen i pausen.

– Det er er klar straffe, seier Aalesund-spelaren.

Ny spenning

Etter pausen framsto Aalesund som eit heilt anna lag.

Aalesund-trenar gjorde eit bytte i pausen i håp om å bli meir farlege offensivt, og etter berre 2 minuttar spel av andre omgang viser det byttet seg verdifullt.

Innbyttar Edwin Gyasi driblar seg laus, og skyt i nærmaste. Der bør Rossbach avverge, men slår ballen inn i nettet. Gyasi skårar med det i si første involvering i kampen.

Det hjalp lite for Ålesundarane at dei spelte mykje bedre enn i førsteomgang, når dei slepp Occean fri på corner etter 58 minuttar spel. Han stanga kontant inn 3-1.

Rafik Zeknini punkterer kampen ti minuttar seinare, og set stillinga til 4-1.

– Spelar som eit topplag

Aalesund er nede på kvalik-plass, medan Odd beheld 2. plassen framfor Strømsgodset. Odd-trenar Dag-Eilev Fagermo er godt nøgd med dagens kamp.

– Me er dårlege i dei første ti minuttane av andre omgang, men elles spelar me som eit topplag heile kampen.

Det er Aalesund-trenar Trond Fredriksen samd i.

– Me tapar for eit bedre lag i dag, og klarar ikkje å stå i mot trøkket frå dei.

Siste nytt

  • Startrekord for kamper uten 0-0

    Hittil er det spilt 27 kamper på rad fra start i fotball-VM uten eneste 0-0-kamp. Det er rekord.

    Den gamle rekorden stammer fra VM i 1954. Da ble det spilt totalt 26 kamper i hele mesterskapet, og ingen av dem endte målløs.

    SOCCER-WORLDCUP-BEL-TUN/
    Foto: CHRISTIAN HARTMANN / Reuters
  • Federer til finale nummer 12

    Roger Federer har dominert ATP-turneringen i tyske Halle i flere år. Det gjelder for 2018 også.

    Sveitseren er klar for finalen i den tyske byen for 12. gang. Det skjedde etter 7-6, 7-5 over amerikaneren Denis Kudla i semifinalen.

    Germany Tennis
    Foto: Friso Gentsch / AP
  • Brun og Strandli til finale

    Kristoffer Brun og Are Strandli var best i sitt semifinaleheat og tok seg til søndagens finale i lettvekt dobbeltsculler i verdenscupen i roing lørdag.

    Nordmennene klokket inn til 6.18,80.

    roing
    Foto: Heiko Junge / NTB scanpix

Sendeplan

Kl. Program Kanal
VM-studio Fotball-VM 1998, menn, Frankrike: Brasil-Norge
Veien til VM: Mexico og Kroatia
VM fotball: Sør-Korea - Mexico
FIFA Fotball-VM 2018: VM-studio
FIFA Fotball-VM 2018: Sør-Korea - Mexico
FIFA Fotball-VM 2018: Sør-Korea - Mexico
FIFA Fotball-VM 2018 Sør-Korea - Mexico og eliteserien Molde - Stabæk
FIFA Fotball-VM 2018: Tyskland - Sverige