– Nå er me meir opptatt av Odd enn våre eigne klubbar i Tyskland.
Manuel Siewers og Mathias Tschöke er to tyske fotballsupporterar litt utanom det vanlege. I august lét dei to svært innhaldsrike fotballkveldar forandre fotballivet deira totalt.
Sendt mange drakter til Tyskland
– Klubben og entusiasmen til fansen var heilt fantastisk! seier Siewers.
For Odds ballklubb var 22 minutt i himmelen i august. Odd spelte sin største kamp i Europa nokosinne mot eit lag som berre to år tidlegare spelte meisterligafinale.
Den vanvitige 3–0 leiinga blei som kjent til slutt gjort om til eit surt 4-3-tap, og eit langt verre 7–2 tap i returmøtet mot Borussia Dortmund. Men Skienslaget skulle seinare vise seg å hausta uante frukter frå dei to kampane.
– Me har sendt massevis av drakter ned til Tyskland. Det er utruleg moro, seier klubbdirektør Einar Håndlykken.
Draktene er nok av sendt til nokon av dei 1900 følgjarane "Odds BK Supporters Germany har fått på Facebook.
For etter dei to kampane i august starta Siewers og Tschöke starta den tyske versjonen av «Oddrane». Det som starta som ein spøk, har blitt til alvor.
– Odd kan bli ein god ambassadør
Programleiar Thomas Aune kjent frå TV2s FC Football og NRK P3-programmet FK Fotball, skjønar godt at Odd har sjarmert tyske fotballhjarte. Han har ikkje høyrt om andre norske fotballklubbar med eigne supporterklubbar i utlandet.
– Det er jo kjempegøy at Odd har fått det til. Eg veit om ei chilensk dame som driver Twitterkontoen "RBK Latinoamerica", men elles er det tynt. Odd kan vere ein fin ambassadør og Jone Samuelsen kan jo kanskje bli ein slags kultfigur med verdsrekorden sin, meiner Aune.
I den tyske serien er det høvesvis Borussia Dortmund og Schalke 04 som har vore dei store laga for Siewers og Tschöke. Dei to tyske klubbane er bitre rivalar i Bundesligaen, men i Odd fann har dei to funne felles glede.
– Nå er det berre ein klubb for oss og det er Odd! seier dei to til NRK.
Klare for neste års serieopning
Klubbdirektør Håndlykken trur ikkje det berre var spelarane, men også supporterane som imponerte det tyske fotballpublikummet.
– Supporterane våre stod framleis og song sjølv om me låg under 7–2. Det blei Dortmund-fansen veldig imponert over. Laget gjekk fryktlaust ut i begge kampane og det trur eg også sjarmerte tyskarane.
Nå håpar dei to stiftarane å utvikle supporterklubben vidare. Neste steg blir å reise til Skien å sjå sitt nye favorittlag.
– Planen er å reise på serieopninga neste år. Kanskje me får møte spelarar, fans og få omvising på tribunen. Det hadde vore stort, fortel Odds to største tyske fans.
Veit du om andre supporterklubbar for norske lag i utlandet? Fortel oss i kommentarfeltet!