NRK Meny
Normal

Svindal-siger etter nytt superløp

Aksel Lund Svindal var overlegen i Super-G-rennet i Kitzbühel, og sikra seg både ein ny verdscupsiger og eit glimrande utgangspunkt før ettermiddagens slalåmrenn.

Aksel Lund Svindal treffer de fleste svingene og tar ledelsen i super-g.

GODT UTGANGSPUNKT: Aksel Lund Svindal sikra seg eit glimrande utgangspunkt før slalåmen i ettermiddag med dette løpet.

– Det er dette eg trener for, så det er trivelig å vinne igjen, seier Svindal til NRK etter at sigeren var klar.

Super-G rennet er første del av dagens kominasjon, men tel også som ein verdscupsiger. Kombinasjonen vert avslutta med slalåm seinare i ettermiddag.

I mål var han 31 hundredeler framfor Andrew Weibrecht på andreplass, men viktigst er at han har over sekundet til gode på Alexis Pinturault – og nesten to sekund å gå på til Marcel Hirscher før slalåmen.

Sett press på Hirscher

Etter målgang var ikkje Svindal heilt fornøgd med løpet.

– Det er mogeleg å køyre fortare, men det er små marginar og eg er i form. Så då gjekk det min veg, seier Svindal.

Med sigeren tok Svindal nye 100 poeng i kampen om den samanlagte verdscupen, og auka leiinga i verdscupen med 92 poeng på Marcel Hirscher. Heldt han forspranget og står som vinnar etter slalåmdelen sett han verkeleg press på Marcel Hirscher, som har vunne verdscupen samanlagt dei siste fire åra.

Kjetil Jansrud kom i mål halvsekundet bak Svindal, på den sure fjerdeplassen.

– Eg gjorde ein kjempefeil før skråkøyringa og fekk ikkje rett balanse på skia. Då tapte eg mykje fart og der var løpet køyrd, seier Jansrud.

Kjetil Jansrud tapte for mye i sitt løp og kjører inn til en foreløpig 4.-plass. Han er 0.53 bak Svindal.

BERRE NESTEN: Kjetil Jansrud fekk det ikkje heilt til.

Gruer seg til slalåmen

Svindal har vore verdast best alpinist i fartsdisiplinane så langt i år, men i slalåm er han ikkje like trygg på seg sjølv.

– Eg gler meg ikkje veldig til slalåmen. Leiinga er ikkje så stor. Det er fordel slalåmspesialistane, men eg skal gjere det eg kan for å halde unna, seier Svindal.

– No skal eg tenke på korte ski og kanskje spørje Henrik om nokre tips, legg han til og smiler.

Aleksander Aamodt Kilde kom inn til ein 18.-plass, 1,65 sekund bak Svindal.

– Det vart for mange småfeil, som forplanta seg nedover heile løypa, seier Kilde til NRK etter målgang.

Aleksander Aamodt Kilde åpnet bra, men tapte til Fill nedover i løypa og kjører ned til en foreløpig 5.-plass.

FEIL: Aleksander Aamodt Kilde gjorde fleire feil og enda med det 1,65 sekund bak Svindal.

Siste nytt

Sendeplan

Kl. Program Kanal