Nytt VM-gull i roing: – Det var den beste kjensla i heile verda

Nils Jakob Hoff og Kjetil Borch rodde seg inn til gull i dobbeltsculler i dag tidleg, og sikra med det Norge sitt andre VM-gull i roing denne helga.

Nils Jakob Skulstad Hoff og Kjetil Borch rodde inn til et nytt norsk VM-gull i lettvekt dobbeltsculler, tidlig søndag morgen norsk tid.

Nytt Norsk VM-gull i roing

Ingvild Nave
Journalist

Det er heile ti år sidan sist Norge har klart å ro seg til gull i VM.

I går vann Kristoffer Brun (Bergen Roklub) og Are Strandli (Stavanger Roklub) gull i dobbeltsculler lettvekt, medan Hoff og Borch i dag sikra endå eit gull.

– Dette betyr alt for oss. Vi har mange gongar tenkt at vi skulle klare det, men i staden gått på smell etter smell. Dette er den største sigeren for oss nokon gong, fortel ein letta og lukkeleg Hoff på telefon frå Sør-Korea.

Nils Jakob Hoff og Kjetil Borsch sikra Norge VM-gull i Sør-Korea

I MÅL: Her sikrar Hoff og Borch det norske gullet og går i mål 1,36 sekund før Litauen.

Foto: Esther Verburg

Nils Jakob Hoff og Kjetil Borch tar VM-gull i Sør-Korea

GULLVINNARAR: Hoff (t.v.) og Borch sitt gull er Norge sitt andre i meisterskapen. Det er ti år sidan sist Norge tok VM-gull i roing.

Foto: Esther Verburg

– Eg er så utruleg letta

Hoff (Fana Roklub) og Borch (Horten Roklub) gjekk rett i leiinga, og det var ikkje tvil om at nordmennene ville klare å sikre seg det edlaste metallet. Etter 500 meter leia dei med 1,63 sekund på Litauen.

Litauarane klarte å legge inn eit ekstra gir på slutten, men det var ikkje godt nok. Hoff og Borch kom i mål 1,36 før dei, medan Italia sikra seg tredjeplassen.

– Det var den beste kjensla i heile verda, ler Hoff.

Også i semifinalen kom dei i mål på klart best tid, og nordmennene var favorittar også i finalen.

Jubel-VM for Norge

I går tok Kristoffer Brun og Are Strandli gull lettvekt dobbelsculler.

– Då dei vann var det full jubel, men så gjekk det eit sekund før vi forsto at no var det vår tur. Det siste døgnet har vore det psykisk sett verste døgnet i mitt liv, fortel Hoff.

Hoff og Borch har brukt sin psykiske trenar for å klare å takle presset.

– Eg er så letta! No er alt verd det. I kveld skal vi feire som verdsmeistrar, seier ein sprudlande Hoff.

Ved sidan av dei to VM-gulla er det også blitt norsk sølv under meisterskapen i Chungju i Sør-Korea. Birgit Skarstein sørga for det i AS-singlesculler (Arms and Shoulders).

Siste nytt

Sendeplan

Kl. Program Kanal