– Eg landa på det eine beinet/kneet før eg slo hovudet i bakken. Eg slo meg hardt, og var ganske livredd, fortel Lundby.
Det var i samband med at Lundby skulle flytte bommen dramatikken oppstod. Ho skal ha mista fotfestet og forsvunne ned tilløpet og fall utfor den to og ein halv meter høge hoppkanten, der ho landa rett på ein betongkant.
– Eg prøvde alt eg kunne å bremse då eg forsvann nedover, med både bein og armar, fortel OL-vinnaren.
– Eg visste ikkje kva som kom til å vente meg om eg forsvann utanfor hoppkanten. Eg er sjeleglad for at eg hadde hjelm på meg, og at den tok den verste støyten, fortel Lundby vidare.
SKADA: Kneet til Maren Lundby er kraftig forslått etter fallet.
Foto: Hans Andreas Solbakken / NRK24-åringen skal ha pådratt seg hjerneristing og har eit kraftig forslått kne. Svar frå røntgen og MR som kom torsdag syner derimot at det ikkje er brot eller andre dramatiske skadar.
– Det ser ut som eg var heldig denne gongen. Men eg føler at eg kanskje har brukt opp flaksen for denne gongen, så det gjeld å halde seg unna ulykke framover, seier hopparen til NRK.
Det er ikkje første gong Lundby ramlar på trening. Tidlegare i sommar heldt ho på å ta salto under trening i Trondheim.
Støkk i hoppsjefen
Sportssjef Clas Brede Bråthen er letta over at det ikkje vart brotskadar.
– Eg har sett mykje i hoppbakken opp gjennom årene, men ingen kan vel vente seg at noko slikt skal kunne skje. Dette har verkeleg sett ein støkk i oss.
LETTA: Hoppsjef Clas Brede Bråthen er glad det ikkje vart brotskadar etter det stygge fallet.
Foto: Fredrik Hagen / NTB scanpixHan understrekar at miljøet er letta over at skadane førebels ikkje er verre enn kva eit så dramatisk fall faktisk kunne hatt.
– Eg er trygg på at ho er i dei beste hender. Det er lærdom i dette også, og eg håper vi snart ser Maren fly i hoppbakken slik vi normalt ser ho, seier hoppsjefen.
Vil raskt tilbake
Fallet skjedde under trening, og Lundby er klar på at ho vil tilbake i hoppbakken så raskt som mogleg, sjølv om ho vedgår at fallet skremte ho.
– Eg var frykteleg redd, men det kjem ikkje til å gå ut over sjølvtilliten min i bakken, for det var ikkje der det skjedde.
– Eg kjem nok til å reflektere litt meir over livet, men må jo berre legge det bak meg, legg ho til.
SKRUBBSÅR: Lundby hadde flaks og pådrog seg ingen alvorlege skadar. Her syner ho fram skrubbsåret i panna etter å ha landa på betongen under hoppkanten.
Foto: Hans Andreas Solbakken / NRKSamstundes er ho litt irritert på seg sjølv over måten det heile skjedde på.
– Følte meg litt klønete når det skjedde og veldig irritert over korleis dette kunne skje. Eg må berre lære av det, seier 24-åringen.