– Vi har brukt masse tid på å kartlegge motstandaren i eit system som gjør det mykje enklare å sjå kva type motstand vi møter i neste kamp, seier brytaren Berge.
Fredag blei han OL-klar for tredje gang etter ein uvanleg tung oppkøyringsperiode - i ein idrett der det blir sagt at kvalifiseringa er endå tøffare enn OL-konkurransen.
– Etter alt eg har vore gjennom den siste tida så er dette godt. Eg mista mor mi i februar, men sambuaren min har vore ein sterk støtte. Eg hadde mista trua på meg sjølv etter VM i Las Vegas, men det gjorde ikkje sambuaren min. Ho har fortalt meg kvar dag kor flink eg er, så dette er verkeleg ein team siger, seier han til NRK.
– Systemet avgjorde
Trenar Fritz Aanes meiner at det nye analysesystemet redda OL-billetten for Berge i 59-kilosklassen.
– Då Stig vann den avgjørande kampen tenkte vi «Yes! Analysa redda oss i den kampen», seier Aanes.
I systemet har landslaget kartlagt alle motstandarane sine rutiner på matta, som Berge enkelt kan finne fram like etter at han veit kven neste motstandar er.
– Eg ser nøyaktig kva alle taper og vinn poeng på. Eg ser styrkene og svakheitene i store skjema og ved å kikke små fem sekunders klipp. Det vil vere fantastisk å bruke i OL, seier Berge.
– Det blir lettare å legge ein slagplan på kort tid, seier Aanes.
Eit analysesystem i idretten er ikkje revolusjonerande, men for brytelandslaget er det nytt. Dei har ikkje hatt ressursar til å prioritere det før no.
– Det kostar pengar. Det er småpengar i den store samanhengen, men for eit bryteforbund blir det ein del tusenlappar, seier Berge.
– Under OL i London tapte eg då det var ti sekund igjen. Hadde eg vore 0,5 prosent betre hadde eg slått motstandaren min. Dette systemet kan bidra til at eg hevar meg dei viktige 0,5 prosenta, legg han til.
Førsterundesyndromet
32-åringen har også hatt noko han kallar førsterundesyndromet i både Rio-OL og London-OL. Når det gjeld som mest har han blitt slått ut i dei innleiande rundane.
– Eg fekk sjokk og innbyttarpuls dei første OL-kampane. Det har eg endra på. No tar eg ein kamp når eg varmar opp. Når eg går på matta for første kamp så er det eigentleg min kamp nummer to i hovudet mitt, seier Berge.
VM-bronsevinnaren har gjort det meste annleis for å bli klar for OL om 100 dagar.
Det siste halvåret har han leigd inn brytarar frå Armenia og Georgia for å få ny motstand.
I tillegg reiser medaljehåpet no på ferie for å kvile. Tidlegare har han starta knallhard oppkøyring like etter OL-kvalifiseringa.