– Det er spesielt, samtidig synest eg det er godt å vite at det ikkje er for seint.
Trond Nymark har akkurat fått den endelege beskjeden. Nå står han offisielt på toppen av lista på 50 kilometer kappgang under VM i Berlin.
Tek med kona frå ferie
Og kanskje like gledeleg, medaljen kjem ikkje i posten, men på ein ordinær pall på ein friidrettsarena, og under eit meisterskap.
– Kona blir med og me reiser opp frå ferie i Spania. Det blir ein fin markering der og da. Det er jo veldig positivt at dei markerer at nå har dei rydda opp. At dei gjev oss ein sjanse til å få den kjensla, seier Nymark.
Friidrett.no meldte tidlegare i dag at det internasjonale friidrettsforbundet har redigert og offentleggjort den offisielle resultatlista frå 2009.
Det var den europeiske friidrettspresidenten, Svein Arne Hansen som tok initiativet til at utøvarane som hamna bak dopingtatte utøvarar skulle få sine rettmessige medaljar under EM og ikkje berre i ein konvolutt.
– Det skal bli akkurat som på andre premieutdelingar, med ein eigen plass på stadion. Eg håparr det vil gje ein viss anerkjenning for dei. Dei er blitt robba og lurt allereie. så eg håpar det er noko dei vil setje pris på, sa Hansen til NRK da.
Nymark set stor pris på tiltaket.
– Dette er godt å vite for seg sjølv. Den umiddelbare gledeskjensla kom da eg kom i mål, og den var god. Men dette blir ei fin markering, trur hordalendingen.
Kunne fått ein medalje til
Nymark tok sølvet bak russiske Sergei Kirdjapkin som seinare blei tatt for doping. Gullmedaljen får han under den fyrste dagen av EM 6. juli. Foreløpig veit Nymark at iallfall ein utøvar til frå det same verdsmeisterskapet også vil få medalje den same dagen.
Nymark kunne også fått tildelt medalje i ettertid frå VM i Helsingfors i 2004 der han blei nummer fire.
– Da dei re-analyserte dopingprøva til han som tok sølvmedalje der oppdaga dei doping. Men sidan foreldingsfristen er åtte år blir han aldri straffa, fortel Nymark.