Hopp til innhold

Nye tider på A-landslaget: – Blir ingen forfall på tynt grunnlag

Med innføringa av Nations League er det slutt på kjedelege og uviktige landskampar. Det betyr også slutten på dårlege unnskyldningar for ikkje å møte opp til kamp.

Semb

NYE TIDER: Nils Johan Semb meiner Nations League gjer det tøffare å kome med i landslagstroppen. Her saman med Martin Ødegaard på landslagssamling.

Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

Det meiner i alle fall avtroppande toppfotballsjef Nils Johan Semb.

– Noreg skal spele 16 viktige kvalikkampar på rad før det eventuelt blir treningskampar. Eg trur ikkje det blir noko forfall på eit litt sånn tynt grunnlag inn mot desse kampane.

Grunnen er at det kjem til å bety så mykje for både spelarane og laget å vere med i denne turneringa, seier Nils Johan Semb til NRK.

Berre teljande kampar

Noreg startar Nations League heime mot Kypros 6. september, og borte mot Bulgaria 9. september.

Deretter kjem det berre teljande kampar utover hausten, før den ordinære EM-kvaliken byrjar til våren.

Med treningslandskampane følgde også med forfall frå spelarar som kjente på skader og sjukdom.

Premier League-spissane Joshua King og Alexander Sørloth melde seinast forfall til privatlandskampane mot Albania og Australia i mars. Ingenting tyder på at dei ikkje hadde gyldig grunn.

Fotballandslaget trener før privatlandskampen mot Panama

DEI BESTE I RINGEN: Det blir færre kampar til å teste ut nye spelarar for Lars Lagerbäck framover.

Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

– Stiller med dei beste

Men spelarar som er på bana for klubblaget på ein laurdag, og deretter melder forfall til landslaget veka etter blir det færre av, meiner NRKs fotballekspert Carl-Erik Torp.

– Fleire av dei beste spelarane vil vere tilgjengelege, og vil vil heilt sikkert få færre forfall frå dei største stjernene. Lagerbäck vil få meir tid med dei beste spelarane til å setje eit lag, meiner Torp.

Noreg har også Slovenia som tredje motstandar i Nations League-pulja. Vinnaren av gruppa går til semifinalen saman med dei tre andre puljevinnarane på nivå 3.

Finalesiger gjev plass i EM-sluttspelet i 2020. Dette er ein sjanse til å kvalifisere seg til meisterskapen utanom den ordinære EM-kvaliken.

– Eg er trygg på at vi kjem til å stille med alle dei beste spelarane som er friske på det tidspunktet, seier Nils Johan Semb.

– B-vare

Carl-Erik Torp

NRKs fotballekspert: Carl-Erik Torp

Foto: Julia Marie Naglestad

Men med fleire privatkampar blir det mindre sjansar til å teste nye fjes, meiner NRK-eksperten. Utan at det bekymrar.

– Vi vil få færre spelarar som blir testa ut, og som får ein eller to landskampar gjennom karrieren, og som kanskje eigentleg ikkje er gode nok, seier Torp.

Semb opplyser at det kan bli to privatkampar for Noreg i 2019. Men då må laget hamne i ei pulje med fem lag i EM-kvaliken og ikkje seks. Det frigjer to datoar til treningskampar.

– Men samtidig får det heller vere sånn at vi berre spelar kvalikkampar. Eg trur på lang sikt at Noreg blir betre av å spele kampar som betyr noko, kontra kampar som har blitt litt B-vare dei siste åra, der klubbar held igjen spelarar og liknande, seier Nils Johan Semb.

Siste nytt

  • To Carlsen-seirer i Tyskland

    Sjakkstjernen Magnus Carlsen vant begge sine partier torsdag og ligger alene på toppen av Chess Classic i tyske Karlsruhe etter seks runder.

    Nordmannen står med fire poeng etter de første seks rundene og har ett poeng ned til sine nærmeste konkurrenter. Torsdagens seirer kom mot Vincent Keymer (Tyskland) og Richard Rapport (Romania).

    Turneringen spilles i formatet «rask klassisk», som betyr at spillerne har 45 minutter på klokka og får ti sekunder ekstra for hvert trekk.

    Alle de seks deltakerne skal møte hverandre to ganger hver innledningsvis, før det er finale, kamp om tredje- og femteplass 2. påskedag.

    Det er første gang turneringen arrangeres etter koronapandemien. Carlsen har vunnet turneringen to ganger tidligere og er tittelforsvarer ettersom han vant i 2019. (NTB)

    Magnus Carlsen Samarkand
    Foto: Lennart Ootes / Fide
  • Medier: Liverpool gir opp Alonso-jakten

    Både The Times og The Telegraph skriver torsdag kveld at Xabi Alonso neppe blir Liverpool-manager når Jürgen Klopp gir seg i sommer.

    Den nåværende Bayer Leverkusen-treneren skal nemlig ønske å bli i den tyske klubben etter sesongen.

    Alonso er i ferd med å lede Leverkusen til klubbens første seriemesterskap. Med åtte kamper igjen av Bundesliga, leder de med ti poeng ned til Bayern München.

    Begge avisene skriver at det er to navn som skiller seg ut for Liverpool når Klopp går av etter ni år i jobben. De er Brighton-manager Roberto de Zerbi og Sportings Ruben Amorim.

    Xabi Alonso
    Foto: Thilo Schmuelgen / Reuters
  • Leicester sparket treneren – skal ha hatt forhold til spiller

    Leicesters kvinnelagstrener Willie Kirk har mistet jobben. Ifølge engelske medier skal grunnen være et forhold til en av klubbens spillere.

    Leicester bekrefter sparkingen på sine nettsider torsdag kveld.

    «Etter en grundig intern disiplinær prosess, har det blitt avdekket at Willie har brutt lagets etiske retningslinjer», heter det i uttalelsen.

    The Guardian og The Athletic melder at Kirk skal ha hatt et forhold til en spiller. Kirk ble suspendert tidligere i mars da klubben skulle etterforske påstandene, og nå har de kommet til den konklusjon at Kirk må gå.

    Kirk ble direktør i klubben i juli 2022 og tok noen måneder senere over treneransvaret.

    Assistenttrener Jennifer Foster og førstelagstrener Stephen Kirby får det midlertidige ansvaret for klubben som er nummer ni i den engelske toppdivisjonen. (NTB)

    Willie Kirk
    Foto: ANDREW BOYERS / Reuters

Sendeplan

Kl. Program Kanal