Nye pallplassar på lagsprinten

Norge tok to andreplassar i lagsprinten i Stavanger. Kvartetten Bjørn Magnussen, Henrik Fagerli Rukke, Håvard Lorentzen og Johann Jørgen Sæves gjekk på 1.19,84, slått med 32 hundredeler av Canada i samløp. Canadas tid er verdsrekord.

På kvinnenes lag gjekk Anne Gulbrandsen, Hege Bøkko, Ida Njåtun og Rikke Jeppsson. Dei blei slått med 39 hundredeler av Sør-Korea.

Siste nytt

  • United-fans blokkerte trening

    Manchester United-tilhengarar blokkerte begge inngangane til klubbens treningsfelt, slik at spelarane ikkje fekk trene, melder Manchester Evening News.

    Det var ein protest mot klubbeigarane Glazer-familien, som sa ja til at United skulle vere med i den europeiske superligaen.

    Bilete i sosiale media viser supporterar med store banner ved begge inngangane. Eitt har teksten «Glazer ut,» eit anna «Vi bestemmer når de spelar».

    Laster Twitter-innhold
  • 135.000 på billøp

    Det klassiske billøpet Indianapolis 500 vil neste månad bli avvikla med 135.000 tilskodarar. Det blir største publikumstal for noko idrettsarrangement sidan viruspandemien kom.

    Indianapolis Motor Speedway opplyste onsdag at ein i samråd med lokale helsestyresmakter har komme til at 40 prosent av tilskodarkapasiteten kan nyttast under løpet 30. mai.

    Bana i Indianapolis er det største idrettsanlegget i verda, med fleire enn 250.000 sitjeplassar på tribunane og plass til nesten 400.000 menneske innanfor portane.

    IndyCar 500
    Foto: R Brent Smith / AP
  • Sparkar komitemedlemmer frå «Big 6»

    Premier League har bedt om at medlemmer av dei seks klubbane som ville bli med i den europeiske superligaen trekkjer seg frå ulike komitear i ligaen, melder Sky Sports.

    Om dei ikkje gjer det, risikerer dei å bli fjerna med makt.

    Styreleiarar og direktørar i Arsenal, Chelsea, Liverpool og begge Manchester-klubbane sit i ulike liga-komitear. Tottenham har ingen i desse komiteane.

    Dette er ein konsekvens av møtet dei 14 andre klubbane hadde tysdag, og som i klare ordelag avviste den nye superligaen.

    Ed Woodward
    Foto: Richard Heathcote / AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal